Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Sakarja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

< Forrige kapittel

Den siste krigen
14Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal dei dela krigsbyttet dei røva hos deg.
   
 2 Eg vil samla alle folkeslaga til krig mot Jerusalem. Byen skal bli teken, husa plyndra og kvinnene valdtekne. Halve byen må gå i eksil, men resten av folket skal ikkje ryddast ut frå byen.
   
 3 Herren skal fara ut og føra krig mot desse folkeslaga slik han før har ført krig på stridens dag.  4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget som ligg rett mot Jerusalem, i aust. Oljeberget skal rivna i to frå aust til vest, og det skal bli ein veldig dal. Den eine halvparten av fjellet vik mot nord og den andre mot sør.  5 Då skal de rømma gjennom fjelldalen min, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. De skal rømma slik de rømde for jordskjelvet i dei dagane då Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma, og alle dei heilage med han.
   
 6 Den dagen skal det ikkje vera lys, berre kulde og frost.  7 Det skal vera éin lang dag – Herren kjenner han – ikkje dag og natt, ved kveldstid skal det vera lyst.  8 Den dagen skal det renna levande vatn ut frå Jerusalem, halvparten til havet i aust, halvparten til havet i vest. Slik skal det vera både sommar og vinter.
   
 9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans eitt.
   
10 Heile landet skal bli som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamin-porten til den staden der Gamleporten var, til Hjørneporten, frå Hananel-tårnet til kongens vinpresser. 11 Der skal det bu folk. Byen skal ikkje vera bannlyst meir. Jerusalem skal liggja trygt.
   
12 Dette er den plaga Herren lèt råka alle dei folka om dei går til krig mot Jerusalem:
          Han skal la kjøtet rotna på dei
          medan dei enno står på føtene.
          Auga skal rotna i hòlene sine
          og tunga rotna i munnen på dei.
13 Den dagen kjem det ei stor Herrens forvirring over dei, så dei grip fatt i kvarandre og slåst mann mot mann. 14 Også Juda skal strida mot Jerusalem. – Rikdomen frå alle folkeslaga omkring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. – 15 Den same plaga skal råka hesten, muldyret, kamelen, eselet og alle andre dyr som er i leirane.
   
16 Då skal dei som blir att av alle folkeslaga som kom mot Jerusalem, år etter år fara opp for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, og feira lauvhyttefesten. 17 Om nokon av slektene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, skal regnet ikkje falla over dei. 18 Det skal heller ikkje falla over egyptarane om dei ikkje fer opp og ikkje kjem. Dei skal råkast av same plaga som Herren lèt råka dei folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten. 19 Dette skal vera straffa for Egypt og alle folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.
   
20 Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene til hestane, og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret. 21 Då skal alle grytene i Jerusalem og Juda vera helga til Herren over hærskarane. Og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset til Herren over hærskarane.
< Forrige kapittel

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.