Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Sakarja

3

Fjerde syn: øvstepresten Josva

1 Han viste meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2  Herren sa til Satan: « Herren refsar deg, Satan! Herren, som har valt ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan Herrens engel stod der. 6 Så gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:


7 Så seier Herren over hærskarane:

Går du på mine vegar

og tek deg av tenesta for meg,

skal du få styra mitt hus

og vakta føregardane mine.

Eg gjev deg tilgang

mellom dei som står her.


8 Så høyr, Josva, øvsteprest!

Du og dei andre prestane

som sit framfor deg, er eit varsel.

For sjå, eg lèt min tenar Spire koma.

9 Sjå, eg ritar ei innskrift

på den steinen eg har lagt framfor Josva,

denne eine steinen med sju auge,

seier Herren over hærskarane.

Eg stryk ut skulda til dette landet

på ein einaste dag.

10 Den dagen, seier Herren over hærskarane,

skal de be kvarandre inn

under vinstokk og fikentre.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.