Gå til forsiden

Sakarja

5

Sjette syn: bokrullen

1 Eg lyfte atter auga. Eg såg, og sjå! – ein flygande bokrull. 2 Engelen spurde: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull, tjue alner lang og ti alner brei.» 3 Han sa: «Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Enno har ikkje dei som stel, fått straff etter forbanninga, og heller ikkje dei som sver.

4 No sender eg henne ut,

seier Herren over hærskarane.

Ho skal koma inn i huset til den som stel,

og inn i huset til den

som sver falskt ved mitt namn.

Ho skal slå seg til i huset

og øydeleggja det, både treverk og stein.»

Sjuande syn: kvinna i efa-målet

5 Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no auga og sjå kva som kjem.» 6 Eg spurde: «Kva er dette?» Han svara: «Det er efa-målet som nærmar seg.» Så sa han: «Dette er all skulda i landet.» 7 Og sjå, blyloket lyfte seg, og det sat ei kvinne i efaen! 8 «Dette er lovløysa», sa han. Så kasta han henne ned att i efaen og la blysteinen over opninga. 9 Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – to kvinner nærma seg. Vinden fylte vengene deira, dei hadde venger som storken. Dei lyfte efaen opp mellom jord og himmel. 10 Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar fer dei med efa-målet?» 11 Han svara: «Dei skal byggja eit hus til henne i Sinear-landet. Når det er ferdig, skal ho stillast opp der på sokkel.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.