Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Sakarja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Frelse kjem til Sion
8Då kom ordet frå Herren over hærskarane:
          
   
 2 Så seier Herren over hærskarane:
          Eg brenn for Sion med stor lidenskap,
          med stor harme brenn eg for henne.
          
   
 3 Så seier Herren:
          Eg vender tilbake til Sion,
          eg vil bu i Jerusalem.
          Jerusalem skal kallast Den trufaste byen,
          og fjellet til Herren over hærskarane
          skal kallast Det heilage fjellet.
          
   
 4 Så seier Herren over hærskarane:
          Atter skal gamle menn og kvinner
          sitja på torga i Jerusalem,
          alle med stav i hand
          fordi dei er så gamle.
          
   
 5 Torga i byen skal fyllast
          av gutar og jenter som leikar.
          
   
 6 Så seier Herren over hærskarane:
          Om dette ser umogleg ut
          for dei som er att av folket på den tida,
          skulle det vera umogleg for meg?
          seier Herren over hærskarane.
          
   
 7 Så seier Herren over hærskarane:
          Sjå, eg frelser folket mitt
          frå landet der sol går opp, og frå landet der sol går ned.
          
   
 8 Eg fører dei inn,
          dei skal bu i Jerusalem,
          dei skal vera mitt folk,
          og eg skal vera deira Gud
          i truskap og rettferd.
        
 9 Så seier Herren over hærskarane: Ta mot til dykk, de som i desse dagar høyrer orda frå munnen til profetane, som dei tala den dagen då grunnmuren vart lagd til huset til Herren over hærskarane, då tempelet skulle byggjast. 10 For før den tid hadde folk ikkje noko att for strevet sitt, og dyra fekk ingenting att for sitt. Verken den som gjekk eller den som kom, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre. 11 Men no vil eg ikkje vera som før i tida mot dei som er att av dette folket, seier Herren over hærskarane. 12 For i fred skal såkornet veksa, vinstokken skal bera frukt, jorda gje grøde og himmelen dogg. Eg skal gje alt dette til eigedom for dei som er att av dette folket. 13 Slik de har vore ei forbanning mellom folkeslaga – du Judas hus og du Israels hus – slik skal de bli ei velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men ta mot til dykk! 14 For så seier Herren over hærskarane: Slik eg planla vondt mot dykk den gongen fedrane dykkar vekte harmen min, seier Herren over hærskarane, og eg ikkje angra, 15 slik har eg i desse dagar tvert om planlagt å gjera vel mot Jerusalem og Judas hus. Ver ikkje redde!
        
16 Dette er boda de skal halda:
          Snakk sant med kvarandre!
          Døm rett og sant i byportane,
          fell dommar som skaper fred.
          
   
17 Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre i hjartet,
          elsk ikkje falsk eid!
          For alt slikt hatar eg,
          seier Herren.
18 Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg: 19 Så seier Herren over hærskarane: Fasta i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal bli til fryd og glede for Judas hus og til glade høgtidsdagar. Elsk sanning og fred!
   
20 Så seier Herren over hærskarane: Endå ein gong skal folka koma, dei som bur i store byar. 21 Dei som bur i éin by, skal fara til ein annan og seia: «Kom, lat oss gå og be om velvilje for Herrens andlet, søkja Herren over hærskarane! Eg òg vil gå med.» 22 Mange folk og mektige folkeslag skal koma og søkja Herren over hærskarane i Jerusalem og be om velvilje for Herrens andlet. 23 Så seier Herren over hærskarane: I dei dagane skal ti mann av alle språk og folkeslag gripa tak i kappefliken til ein judeisk mann og seia: «Lat oss få gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.