Gå til forsiden

Salmane

3 

1 Ein salme av David då han rømde for Absalom, son sin.


2  Herre, kor talrike mine fiendar er!

Mange reiser seg mot meg.

3 Dei seier om meg:

«Hos Gud er det inga frelse for han.» Sela


4 Men du, Herre, er eit skjold for meg,

du er mi ære, du lyfter mitt hovud.


5 Eg ropa høgt til Herren,

og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela

6 Eg la meg ned og sovna,

eg vakna, for Herren held meg oppe.

7 Eg er ikkje redd ti tusen

som samlar seg mot meg på alle kantar.


8 Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud!

Du slår alle mine fiendar på kjeven

og knuser tennene til dei lovlause.


9 Frelsa er hos Herren.

Lat di signing kvila over ditt folk! Sela

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.