Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

06. desember 2020

Dagens Bibelord

Lukas 21,27–36

Les i nettbibelen

27Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.» 29Så fortalde han dei ei likning:«Sjå på fikentreet og alle andre tre! ... Vis hele teksten

27Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.» 29Så fortalde han dei ei likning:«Sjå på fikentreet og alle andre tre! 30Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. 31Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. 32Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 34Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk 35som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. 36Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»