Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

01. oktober 2022

Dagens bibelord

Lukas 7,11–17

Les i nettbibelen

11Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. ... Vis hele teksten

11Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!» 14Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» 15Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. 16Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.» 17Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.