Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.
EXCEPTION: System.ApplicationException: Unknown language nordsamisk in query string at Systor.Bibel.LangTrans.GetLangTrans(String languageid) at Bible2020WS.Nettbibel.renderDic(String constr, Dictionary`2 Request, Dictionary`2 Session) got so far:

28. september 2021

Dagens Bibelord

2. Mosebok 23,20–26

Les i nettbibelen

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. ... Vis hele teksten

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. 22Men høyrer du på det han seier og gjer alt det eg byd deg, då vil eg vera ein fiende for dine fiendar og ein motstandar for dine motstandarar. 23For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei. 24Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund. 25De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg. 26Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.