Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Salmane

Kapittel 139
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150

Forrige kapittelNeste kapittel
139Til korleiaren. Av David. Ein salme.
        
           Herre, du ransakar meg og du veit –
          
   
 2 du veit om eg sit eller står,
          på lang avstand kjenner du mine tankar.
          
   
 3 Om eg går eller ligg, ser du det,
          du kjenner alle mine vegar.
          
   
 4 Før eg har eit ord på tunga, Herre,
          kjenner du det fullt ut.
          
   
 5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,
          du har lagt di hand på meg.
          
   
 6 Det er eit under eg ikkje skjønar,
          det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
          
   
 7 Kvar skulle eg gå frå din pust,
          kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?
          
   
 8 Stig eg opp til himmelen, er du der,
          legg eg meg i dødsriket, er du der òg.
          
   
 9 Tek eg soloppgangens venger
          og slår meg ned der havet endar,
          
   
10 då fører di hand meg jamvel der,
          di høgre hand held meg fast.
          
   
11 Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg
          og lyset omkring meg bli natt.»
          
   
12 Men mørkret er ikkje mørkt for deg,
          natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.
          
   
13 For du har skapt mine nyrer,
          du har vove meg i mors liv.
          
   
14 Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga.
          Underfulle er dine verk, det veit eg godt.
          
   
15 Knoklane mine var ikkje skjulte for deg
          då eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.
          
   
16 Auga dine såg meg då eg var eit foster.
          Alle dagar er skrivne opp i di bok,
          dei fekk form før éin av dei var komen.
          
   
17 Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg,
          summen av dei er ufatteleg!
          
   
18 Tel eg dei, er dei tallause som sand,
          blir eg ferdig, er eg enno hos deg.
          
   
19 Gud, om du ville drepa den lovlause,
          om drapsmennene veik frå meg!
          
   
20 Dei talar svikefullt om deg,
          fiendane dine sver falskt.
          
   
21 Herre, eg hatar dei som hatar deg,
          og avskyr dei som står deg imot!
          
   
22 Eg hatar dei med eit grenselaust hat,
          dei har vorte mine fiendar.
          
   
23 Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte,
          prøv meg og kjenn mine tankar!
          
   
24 Sjå om eg følgjer avgudsveg,
          og lei meg på den evige vegen!
Sal 139,1 viser til Sal 7,10+
Note : pust: Det hebr. ordet kan tyda både «pust», «vind» og «ande».
Sal 139,8 viser til Am 9,2
Note : soloppgangen: i aust. der havet endar: i vest.
Sal 139,13 viser til Sal 119,73
Note : vove meg: Jf. Job 10,11.
Note : djupt i jorda: her bilete på morslivet.
Sal 139,24 viser til Sal 5,9+
Forrige kapittelNeste kapittel

Dagens Bibelord

Kolossarane 1,9–14

Les i nettbibelen

9Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev, ... Vis hele teksten

9Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev, 10så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud. 11De skal styrkjast av krafta frå hans herlegdom, så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede 12skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset. 13For han har fria oss ut frå mørkrets makt og ført oss over i riket til Sonen, som han elskar. 14I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene.