Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til romarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Det kristne livet
12Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
   
 3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.  4 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5 På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre.  6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua;  7 den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,  8 og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
   
 9 Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! 10 Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! 11 Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. 13 Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. 14 Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. 15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. 16 Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! 17 Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske. 18 Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg. 19 Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren. 20 Men:
           Er fienden din svolten, så lat han få mat,
           er han tørst, så gjev han drikke.
           Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans.
21 Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!
Rom 12,1 viser til Rom 6,13ff, 1 Pet 2,5
Note: sysken: eit ord Paulus nyttar ofte når han tiltalar og omtalar medkristne. ▶sysken.
Rom 12,8 viser til 2 Kor 9,7, 1 Pet 5,2
Note: den som er sett til å leia: kan òg omsetjast «den som viser omsorg».
Forrige kapittelNeste kapittel

24. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 12,35–36

Les i nettbibelen

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. ... Vis hele teksten

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.