Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til efesarane

1 2 3 4 5 6
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittel
6Born, ver lydige mot foreldra dykkar i Herren, for det er rett.  2  Du skal æra far din og mor di, dette er det første bodet som òg har ein lovnad:  3  så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet.  4 Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.
   
 5 Slavar, ver lydige mot dykkar jordiske herrar som mot Kristus sjølv, med respekt og ærefrykt og av eit ærleg hjarte.  6 Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje.  7 Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.  8 De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller slave.  9 Og de herrar, gjer det same mot slavane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje forskjell på folk.
Guds rustning
10 Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! 11 Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. 12 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. 13 Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. 14 Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15 og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16 Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. 17 Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet, 20 det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
Sluttord
21 Tykikos skal fortelja dykk alt, så de òg får vita korleis eg har det og korleis det står til med meg. Han er vår høgt elska bror og ein trufast tenar i Herren. 22 Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis vi har det, og for at han skal gje dykk mot i hjarta.
   
23 Fred vere med syskena, og kjærleik og tru frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! 24 Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus i eit liv som aldri skal forgå!
< Forrige kapittel

27. september 2022

Dagens bibelord

Hebrearane 1,10–14

Les i nettbibelen

10Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender. 11Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede. ... Vis hele teksten

10Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender. 11Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede. 12Du rullar dei saman som ei kappe, dei blir utskifte som klede. Men du er den same, åra dine tek aldri slutt. 13Men har han nokon gong sagt til ein av englane: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter? 14Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?