Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Forrige kapittelNeste kapittel

Jesus vaskar føtene til læresveinane
13Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.
   
 2 Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han.  3 Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.  4 Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.  5 Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet.  6 Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»  7 Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»  8 «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus.  9 Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!» 10 Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» 11 For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»
   
12 Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. 15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17 No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.
Svikaren
18 Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:
           Den som et mitt brød,
           lyfte hælen mot meg.
19 Eg seier det til dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at Eg er. 20 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»
   
21 Då Jesus hadde sagt dette, vart han opprørt i sitt indre og sa rett ut: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22 Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven han meinte. 23 Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, låg ved sida av Jesus ved bordet. 24 Simon Peter nikka til han for at han skulle spørja kven han meinte. 25 Han bøygde seg då nærare inntil Jesus og sa: «Herre, kven er det?» 26 Jesus svara: «Det er han som eg gjev den biten eg no dyppar.» Så dyppa han ein bit i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot. 27 Då Judas hadde fått biten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.» 28 Men ingen av dei andre ved bordet skjøna kva han meinte med dette. 29 Sidan Judas hadde ansvar for pengekassa, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige. 30 Med det same Judas hadde fått biten, gjekk han ut. Det var natt.
Eit nytt bod
31 Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han! 33 Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»
Jesus talar om Peters fornekting
36 Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje følgja meg no, men du skal følgja meg seinare.» 37 «Kvifor kan eg ikkje følgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.» 38 Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger.
Joh 13,5 viser til 1 Mos 18,3f, Luk 7,44, Joh 13,14, 1 Tim 5,10, Hebr 13,2
Note: vaska føtene til læresveinane: Det høyrde til vanleg folkeskikk å gje ein gjest høve til å få vaska føtene. Vaskinga var oftast ei oppgåve for slavar.
Joh 13,18 viser til Sal 41,10
Note: lyfte hælen mot meg: vende seg bort frå meg.
Joh 13,18 viser til Sal 41,10
Note: lyfte hælen mot meg: vende seg bort frå meg.
Joh 13,19 viser til 2 Mos 3,14, 5 Mos 32,39, Jes 41,4, Joh 8,24, Joh 14,29, Joh 16,4
Note: Eg er: ▶Jesu titlar.
Joh 13,23 viser til Joh 19,26, Joh 20,2, Joh 21,7-20
Note: låg ved sida av: >12,2.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»