Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Vegen, sanninga og livet 14Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2 I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? 3 Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.» 5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. 7 Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.» 8 Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’? 10 Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far. 13 Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det. Lovnad om Den heilage ande 15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: 17 Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21 Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.» 22 Judas – ikkje Judas Iskariot – seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg. 25 Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. 26 Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk. Kristi fred 27 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! 28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. 29 No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender. 30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk, for han som herskar over denne verda, kjem. Han har inga makt over meg. 31 Men for at verda skal skjøna at eg elskar Far, og fordi Far har bode meg det, gjer eg som Far seier. Reis dykk, lat oss gå herifrå! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
29. mai 2023
5Nå går jeg til ham som har sendt meg, men ingen av dere spør: ‘Hvor går du?’ 6For sorg har fylt hjertet deres fordi jeg har sagt dere dette. ... Vis hele teksten
5Nå går jeg til ham som har sendt meg, men ingen av dere spør: ‘Hvor går du?’ 6For sorg har fylt hjertet deres fordi jeg har sagt dere dette. 7Men jeg sier dere sannheten: Det er det beste for dere at jeg går bort. For dersom jeg ikke går bort, kommer ikke Talsmannen til dere. Men går jeg bort, kan jeg sende ham til dere. 8Og når han kommer, skal han gå i rette med verden og vise den hva synd er, hva rettferdighet er, og hva dom er: 9Synden er at de ikke tror på meg. 10Rettferdigheten er at jeg går til Far, og dere ser meg ikke lenger. 11Dommen er at denne verdens fyrste er dømt.
5No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’ 6For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. ... Vis hele teksten
5No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’ 6For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8Og når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er: 9Synda er at dei ikkje trur på meg. 10Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger. 11Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.
5Muhto dál mun manan su lusa gii lea vuolggahan mu. Ii oktage dis jeara gosa mun manan, 6muhto din váibmu lea morrašis dan geažil maid mun dadjen didjiide. ... Vis hele teksten
5Muhto dál mun manan su lusa gii lea vuolggahan mu. Ii oktage dis jeara gosa mun manan, 6muhto din váibmu lea morrašis dan geažil maid mun dadjen didjiide. 7Muhto mun cealkkán didjiide duohtavuođa: Didjiide lea ávkin ahte mun manan eret. Jos mun in mana, de Bealušteaddji ii sáhte boahtit din lusa. Muhto go mun lean mannan, de mun vuolggahan su din lusa, 8ja son boahtá ja čájeha máilbmái mii lea suddu, mii vanhurskkisvuohta ja mii duopmu. 9Suddu lea das ahte olbmot eai oskko munnje, 10vanhurskkisvuohta boahtá albmosii das ahte mun manan Áhči lusa ehpetge dii oainne šat mu, 11ja duopmu lea das ahte dán máilmmi ráđđejeaddji lea dubmejuvvon.