Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Forrige kapittelNeste kapittel

Mannen som var fødd blind
9Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.  2 Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?»  3 Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han.  4 Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida.  5 Så lenge eg er i verda, er eg lyset i verda.»  6 Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga til litt leire av spyttet og smurde på auga til mannen.  7 Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.
   
 8 Naboane og dei som før hadde sett at han var tiggar, sa då: «Er ikkje dette han som sat og tigga?»  9 «Jau, det er han», sa somme. Andre sa: «Nei, men han liknar.» Sjølv sa han: «Det er eg.» 10 «Korleis vart auga dine opna?» spurde dei. 11 Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga til litt leire og smurde på auga mine og sa: ‘Gå til Siloa-dammen og vask deg!’ Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.» 12 «Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje», svara han.
   
13 Så førte dei mannen som hadde vore blind, til farisearane. 14 Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga til leire og opna auga hans. 15 Også farisearane spurde korleis han hadde fått synet. «Han la leire på auga mine», svara mannen, «så vaska eg meg, og no ser eg.» 16 Då sa nokre av farisearane: «Denne mannen er ikkje frå Gud sidan han ikkje held sabbaten.» Andre sa: «Korleis kan eit syndig menneske gjera slike teikn?» Det vart usemje mellom dei om dette. 17 Så spurde dei på nytt han som hadde vore blind: «Kva meiner du om han, sidan det var dine auge han opna?» «Han er ein profet», svara mannen.
   
18 Jødane ville ikkje tru at han hadde vore blind og no kunne sjå. Difor sende dei bod på foreldra til han som hadde fått synet att, 19 og spurde dei: «Er dette son dykkar, han som de seier er fødd blind? Korleis har det seg då at han kan sjå?» 20 Foreldra svara: «Vi veit at dette er vår son, og at han er fødd blind. 21 Men korleis det har seg at han no kan sjå, det veit vi ikkje, og heller ikkje veit vi kven som har opna auga hans. Spør han sjølv! Han er gammal nok til å svara for seg.» 22 Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte einige om at den som vedkjende at Jesus var Messias, skulle støytast ut av synagogen. 23 Difor sa foreldra hans: «Han er gammal nok, spør han sjølv.»
   
24 Andre gongen henta dei han som hadde vore blind, og sa til han: «Gjev Gud æra! Vi veit at dette mennesket er ein syndar.» 25 Han svara: «Om han er ein syndar, det veit eg ikkje. Men dette veit eg: Eg var blind, og no ser eg.» 26 «Kva gjorde han med deg?» spurde dei. «Korleis opna han auga dine?» 27 «Eg har alt sagt dykk det», sa han, «og de ville ikkje høyra på meg. Kvifor vil de høyra det om att? Kanskje vil de òg bli læresveinane hans?» 28 Dei skjelte han ut og sa: «Du er læresveinen hans, vi er læresveinane til Moses. 29 Vi veit at Gud har tala til Moses, men vi veit ikkje kvar dette mennesket er ifrå.» 30 «Det er då underleg», sa mannen, «at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna auga mine. 31 Vi veit at Gud ikkje høyrer på syndarar, men han høyrer på den som har gudsfrykt og gjer etter hans vilje. 32 Så lenge verda har stått, har ein aldri høyrt om at nokon har opna auga på ein som er fødd blind. 33 Var ikkje denne mannen frå Gud, kunne han ingen ting gjera.» 34 Dei svara: «Du er fødd syndar tvers igjennom, og du vil læra oss?» Så kasta dei han ut.
   
35 Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte mannen, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?» 36 Mannen svara: «Kven er han då, gode herre, så eg kan tru på han?» 37 «Du har sett han», sa Jesus. «Det er han som no snakkar med deg.» 38 «Eg trur, Herre», sa mannen. Og han tilbad han.
   
39 Då sa Jesus: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal bli blinde.» 40 Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: «Kanskje vi òg er blinde?» 41 Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga synd. Men no seier de ‘Vi ser!’ Difor blir synda dykkar ståande.»
Joh 9,3 viser til Luk 13,2
Joh 9,4 viser til Joh 11,9f
Joh 9,5 viser til Joh 8,12+
Joh 9,7 viser til 2 Kong 5,10, Jes 8,6
Note: Siloa-dammen: ein dam lengst sør i Jerusalem.
Joh 9,14 viser til Joh 5,9-16
Note: sabbat: >5,9.
Joh 9,17 viser til Joh 4,19+
Joh 9,22 viser til Joh 7,13+, Joh 16,2
Note: synagogen: her om det jødiske trusfellesskapet. ▶synagoge.
Joh 9,33 viser til Joh 3,2
Forrige kapittelNeste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.