Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til kolossarane

1 2 3 4

Forrige kapittelNeste kapittel
2Eg vil de skal vita kor hardt eg strider for dykk og for dei i Laodikea, og for alle dei andre som ikkje har møtt meg andlet til andlet.  2 Eg ønskjer at dei må få nytt mot i hjartet, bli knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og innsikt, så dei kan fatta Guds mysterium, som er Kristus.  3 For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde.  4 Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar.  5 For sjølv om eg ikkje er hos dykk med kroppen, er eg hos dykk i ånda, og eg ser med glede den gode orden som rår hos dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.
Kristi fylde og dåpen
 6 Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han,  7 rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma!  8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.  9 For i hans kropp bur heile guddomsfylden, 10 og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden. 11 I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar. 14 Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. 15 Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Mot falske menneskebod
16 Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17 Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til. 18 Lat ikkje dei som vil driva med sjølvfornekting og engledyrking, røva sigersprisen frå dykk. Dei går heilt opp i sine eigne syn, og utan grunn blæs dei seg opp av tankar som kjem frå deira eige kjøt og blod, 19 og held ikkje fast på han som er hovudet. Ut frå han veks heile kroppen med ein vokster som er av Gud, og blir halden oppe og bunden saman av alle sener og band.
   
20 Når de med Kristus har døydd bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då leva slik ein gjer i verda, og følgja bod som 21 «ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? 22 Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne. 23 Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.
Kol 2,1 viser til Kol 4,13-15f
Note: Eg vil de skal vita: formelaktig uttrykk som blir brukt for å understreka noko. Jf. 1 Kor 11,3. Laodikea: naboby vest for Kolossai. Jf. 4,13 og Op 3,14.
Kol 2,4 viser til Ef 5,6
Kol 2,8 viser til Matt 15,9, Rom 16,18
Note: grunnkreftene i verda: makter som vart dyrka i heidenske religionar. >Gal 4,3.
Kol 2,10 viser til Ef 1,21f
Kol 2,11 viser til 5 Mos 10,16, 5 Mos 30,6, Rom 2,29, Gal 5,3ff, Gal 6,15, Fil 3,3
Note: kjøtet: ▶kjøt, kjøt og blod.
Kol 2,13 viser til Ef 2,1-5
Note: dykk … oss: Det er mange variantar i handskriftene når det gjeld desse to pronomena.
Kol 2,14 viser til Ef 2,14f
Note: Skuldbrevet: privat gjeldsbrev der debitor stadfester gjelda og bind seg til å betala henne tilbake til kreditor. Biletet er kjent frå jødiske tekstar, der det er brukt om den skuld menneske har overfor Gud.
Kol 2,16 viser til Rom 14,1ff, Gal 4,10
Note: høgtider … sabbatsdagar: siktar truleg til den jødiske sabbatspraksisen og festkalenderen. ▶festar og høgtider.
Note: går heilt opp i sine eigne syn: Uttrykket siktar truleg til innviingar i hemmelege ritar.
Note: kjøtet: >v. 11.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. oktober 2021

Dagens Bibelord

Forkynneren 4,17–5,6

Les i nettbibelen

17Vokt din fot når du går til Guds hus! Det er bedre å komme dit for å lytte enn å bære fram offer slik dårer gjør; de vet ikke annet enn å gjøre det onde. ... Vis hele teksten

17Vokt din fot når du går til Guds hus! Det er bedre å komme dit for å lytte enn å bære fram offer slik dårer gjør; de vet ikke annet enn å gjøre det onde. 1Vær ikke for snar med munnen, og la ikke hjertet forhaste seg når du vil tale et ord for Guds ansikt. For Gud er i himmelen og du på jorden, la derfor dine ord være få! 2Med travelhet følger tankespinn, med dårers tale for mange ord. 3Når du gir Gud et løfte, så drøy ikke med å oppfylle det. For han har ingen glede i dårer. Hold det du har lovet ham! 4Det er bedre at du ikke gir ham noe løfte, enn å love og ikke holde det. 5La ikke munnen få deg til å synde, og si ikke til Guds sendebud: «Jeg gjorde det av vanvare.» Hvorfor vil du gjøre Gud harm med dine ord, så han ødelegger det du har gjort? 6Midt i alle drømmer, all tomhet, alle ord: Ha ærefrykt for Gud! 6