Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til kolossarane

1 2 3 4

Forrige kapittel
4De som er herrar, far rett og rimeleg fram mot slavane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.
Bøn og venlege ord
 2 Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud!  3 Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for.  4 Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent.  5 Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt.  6 Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.
Helsingar
 7 Tykikos kjem til å fortelja dykk alt om korleis eg har det. Han er ein elska bror og ein trufast tenar og medarbeidar i Herren.  8 Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal trøysta hjarta dykkar.  9 Saman med han sender eg Onesimos, vår trufaste og elska bror, som er ein av dykkar eigne. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå. 10 Aristarkos, som er i fengsel saman med meg, helsar dykk; det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. Han har de fått bod om tidlegare. Om han kjem, så ta vel imot han. 11 Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse er dei einaste omskorne som saman med meg har arbeidd for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg. 12 Epafras, som er ein av dykkar eigne, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan bli ståande, fullmogne og fullt overtydde om heile Guds vilje. 13 Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei som er i Laodikea og Hierapolis. 14 Den kjære Lukas, legen, helsar dykk, like eins Demas. 15 Hels syskena i Laodikea, og Nymfa og forsamlinga som kjem saman i hennar hus.
   
16 Når dette brevet er opplese hos dykk, skal de sørgja for at det òg blir opplese i forsamlinga i Laodikea, og at brevet frå Laodikea blir opplese hos dykk. 17 Sei til Arkippos: Sjå til at du fullfører den tenesta du har fått for Herren.
   
18 Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Gløym ikkje lenkjene mine! Nåden vere med dykk!
Kol 4,2 viser til Luk 18,1+, Ef 6,18ff
Kol 4,3 viser til Ef 3,3f
Note: ei dør for Ordet: eit bilete på at folk blir opne for evangeliet. Jf. Apg 14,27; 1 Kor 16,9; 2 Kor 2,12; Op 3,8.
Note: Onesimos: Namnet tyder «nyttig» og er eit vanleg slavenamn. Jf. Filem 10. Dei fleste namna i v. 10–14 finn vi òg i Filem 24.
Kol 4,13 viser til Kol 2,1
Note: Nymfa … i hennar hus: Mange handskrifter har eit mannsnamn, «Nymfas».
Note: brevet frå Laodikea: eit ukjent brev som Paulus har skrive til forsamlinga der.
Forrige kapittel

24. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 12,35–36

Les i nettbibelen

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. ... Vis hele teksten

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.