Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til efesarane

1 2 3 4 5 6

Forrige kapittelNeste kapittel
5Ja, likna Gud, de som er hans kjære born.  2 Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, ein velluktande ange for Gud.
   
 3 Hor, alle slag ureinskap og eigesjuke må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje mellom dei heilage.  4 Rå ord, tåpeleg tale og grovt snakk er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!  5 For det skal de vita at ingen som driv hor, lever eit ureint liv eller er eigesjuk, har arverett til Kristi og Guds rike, for dette er avgudsdyrking.  6 Lat ingen narra dykk med tomme ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.  7 Gjer ikkje felles sak med slike!
Born av lyset
 8 Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de lys. Så lev som born av lyset!  9 For fruktene av lyset viser seg i alt som er godt, i rettferd og i sanning. 10 Prøv då kva som er til glede for Herren! 11 Ta ikkje del i dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei ber inga frukt; avslør dei heller. 12 Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna. 13 Men alt kjem for dagen når lyset får avsløra det, 14 og alt som kjem for dagen, er lys. Difor heiter det:
          Vakna, du som søv,
          stå opp frå dei døde,
          og Kristus skal lysa for deg.
15 Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske, 16 så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde. 17 Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje. 18 Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden 19 og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren! 20 Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.
Heim og familie
21 Ver underordna kvarandre i ærefrykt for Kristus, 22 de kvinner under dykkar ektemenn som under Herren sjølv. 23 For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for kroppen sin. 24 Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.
   
25 Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, 26 så han kunne gjera henne heilag og reinsa henne med badet i vatn, i kraft av eit ord. 27 På den måten ville han stilla henne fram for seg i herlegdom utan den minste flekk eller rynke. Heilag og lytefri skulle ho vera. 28 På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen kropp. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. 29 Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, nei, ein gjev kroppen næring og tek seg av han slik Kristus gjer med kyrkja. 30 For vi er lemer på hans kropp. 31  Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. 32 Dette er eit stort mysterium; eg tenkjer på Kristus og kyrkja. 33 Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin.
Ef 5,2 viser til 2 Mos 29,18, Sal 40,7, Joh 13,34, Hebr 10,10
Note: elska oss: Mange tidlege handskrifter har «elska dykk».
Ef 5,4 viser til Ef 4,29
Ef 5,6 viser til Kol 2,4-8
Ef 5,9 viser til Gal 5,22
Ef 5,10 viser til Rom 12,2
Ef 5,13 viser til Joh 3,20f
Ef 5,17 viser til Rom 12,2
Ef 5,21 viser til 1 Pet 5,5
Note: i ærefrykt for Kristus: Nokre handskrifter har «i ærefrykt for Gud».
Ef 5,22 viser til 1 Kor 14,34+
Note: ▶hustavle som skildrar dei rette tilhøva mellom medlemene av ein storfamilie, «huset». Jf. Kol 3,18–4,1; 1 Pet 2,18–3,7.
Ef 5,27 viser til Kol 1,22
Ef 5,30 viser til Rom 12,5, 1 Kor 6,15, 1 Kor 12,27
Note: lemer på hans kropp: Ei rekkje gamle manuskript og omsetjingar legg til «av hans kjøt og av hans bein». Jf. 1 Mos 2,21–23.
Forrige kapittelNeste kapittel

26. november 2021

Dagens bibelord

Jesaja 61,1–4

Les i nettbibelen

1Herren Guds ande er over meg, for Herren har salva meg. Han har sendt meg for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause, for å forbinda dei som har eit knust hjarte, ropa ut fridom for dei som er i fangenskap, og frigjering for dei som er bundne, ... Vis hele teksten

1Herren Guds ande er over meg, for Herren har salva meg. Han har sendt meg for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause, for å forbinda dei som har eit knust hjarte, ropa ut fridom for dei som er i fangenskap, og frigjering for dei som er bundne, 2for å ropa ut eit nådens år frå Herren og ein hemnens dag frå vår Gud, for å trøysta alle som sørgjer, 3og gje dei sørgjande i Sion turban i staden for oske, gledeolje i staden for sorg, lovsongsdrakt i staden for motlaus ånd. Dei skal kallast Rettferds eiketre som Herren har planta for å syna sin herlegdom. 4Dei skal byggja opp att gamle ruinar og gjenreisa det som før låg audt, dei skal byggja opp att ruinbyane som låg aude frå slekt til slekt.