Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6

Neste kapittel

Helsing
1Paulus, apostel, ikkje utsend av menneske eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og av Gud, vår Far, som reiste han opp frå dei døde –  2 eg, Paulus, og alle syskena som er i lag med meg her, helsar forsamlingane i Galatia:  3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus,  4 han som gav seg sjølv for våre synder så han etter Gud, vår Fars vilje kunne fri oss ut frå den vonde tida vi no lever i.  5 Han vere ære i all æve! Amen.
Berre eitt evangelium
 6 Det undrar meg at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og til eit anna evangelium.  7 Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium.  8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han!  9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, forbanna vere han!
Apostelkallet til Paulus
10 Prøver eg no å vinna velvilje frå menneske – eller frå Gud? Vil eg kanskje gjera menneske til lags? Var det framleis menneske eg ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar. 11 For eg kunngjer dykk, sysken: Det evangeliet eg har forkynt, er ikkje menneskeverk. 12 Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; nei, det var Jesus Kristus som openberra seg for meg. 13 De har høyrt korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor hardt eg forfølgde Guds kyrkje og ville utrydda henne. 14 Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og brann endå sterkare av iver for overleveringane frå fedrane. 15 Men Gud, som valde meg ut allereie i mors liv og kalla meg ved sin nåde, ville i sin godleik 16 openberra sin Son for meg, så eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje nokon av kjøt og blod til råds. 17 Heller ikkje drog eg opp til Jerusalem, til dei som var apostlar før meg. Eg fór til Arabia, og sidan vende eg attende til Damaskus. 18 Først tre år seinare drog eg til Jerusalem for å få vita meir av Kefas, og eg vart verande hos han i fjorten dagar. 19 Nokon annan av apostlane trefte eg ikkje, utanom Jakob, Herrens bror. 20 Gud veit at det eg skriv til dykk, ikkje er løgn! 21 Sidan kom eg til Syria og Kilikia. 22 Forsamlingane i Judea, dei som er i Kristus, kjende meg ikkje personleg. 23 Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfølgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å utrydda. 24 Og dei lova Gud på grunn av meg.
Gal 1,1 viser til Apg 22,21+, Gal 1,11f
Note: apostel: ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre.
Note: alle syskena … her: medkristne i Efesos. Galatia: Eit sentralt område i Vesleasia, det noverande Tyrkia. Det er uvisst om det er tenkt på den romerske provinsen eller landskapet Galatia.
Gal 1,5 viser til Rom 16,27, Ef 3,1, 1 Tim 1,17, 2 Tim 4,18
Note: Amen: hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». ▶amen.
Note: ved Kristi nåde: Andre handskrifter har «i nåde».
Gal 1,8 viser til 1 Kor 16,22, 2 Kor 11,4
Note: forbanna vere han: Tilsvarande forbanningsformlar finst i andre jødiske, kristne og gresk-romerske tekstar. Dei blir nytta om personar eller ting som er under Guds forbanning eller vreide. Jf. Rom 9,3; 1 Kor 12,3; 16,22.
Gal 1,12 viser til Gal 1,1
Gal 1,15 viser til Jer 1,5, Rom 1,1
Note: Gud, som: Andre handskrifter har «han som».
Note: Arabia: landet rett aust og sør for Judea.
Gal 1,18 viser til Matt 16,18+, Apg 9,26
Note: Kefas: apostelen Peter.
Gal 1,19 viser til Matt 13,55
Note: Jakob: ein av brørne til Jesus, frå midten av 40-talet e.Kr. leiar for forsamlinga i Jerusalem.
Neste kapittel

21. oktober 2021

Dagens Bibelord

3. Mosebok 19,32–37

Les i nettbibelen

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. ... Vis hele teksten

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. 34Innflytteren som bor hos dere, skal være som en av deres egne landsmenn. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud. 35Dere skal ikke gjøre urett mot noen når dere dømmer, når dere bruker lengdemål, vekt eller hulmål. 36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal dere bruke. Jeg er Herren deres Gud, som førte dere ut av Egypt. 37Dere skal holde alle mine forskrifter og lover og leve etter dem! Jeg er Herren.