Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Menneskebod og Guds bod
15Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:  2 «Kvifor bryt læresveinane dine overleveringa frå dei gamle? Dei skyl ikkje hendene før dei et.»  3 «Og de», svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dykkar eiga overlevering?  4 For Gud har sagt: ‘ Æra far din og mor di’ og: ‘ Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’.  5 Men de lærer: ‘Den som seier til far sin eller mor si: Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ei gåve til tempelet,  6 han treng ikkje heidra far sin *eller mor si•.’ Slik har de sett Guds bod til sides av omsyn til dykkar eiga overlevering.  7 De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:
          
   
 8  Dette folket ærar meg med leppene,
           men hjartet er langt borte frå meg.
          
   
 9  Dei dyrkar meg fåfengt,
           for det dei lærer, er menneskebod.»
10 Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå! 11 Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»
   
12 Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?» 13 Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot. 14 Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»
   
15 Då tok Peter til orde og sa: «Forklar denne likninga for oss.» 16 «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus. 17 «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og fer ut dit det skal? 18 Men det som går ut av munnen, kjem frå hjartet, og det gjer mennesket ureint. 19 For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott. 20 Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»
Den kanaaneiske kvinna
21 Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. 22 Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» 23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» 24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» 25 Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» 26 Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» 27 «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» 28 Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.
Mange blir lækte
29 Då Jesus drog derifrå, tok han vegen langs Galileasjøen, og han gjekk opp i fjellet og sette seg der. 30 Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lamme, uføre, blinde og stumme og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han lækte dei. 31 Folket undra seg då dei såg stumme tala, uføre bli friske, lamme gå og blinde sjå. Og dei lova Israels Gud.
Jesus mettar fire tusen
32 Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.» 33 Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?» 34 «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei, «og nokre småfiskar.» 35 Då bad han folket setja seg på marka. 36 Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, og læresveinane gav til folket. 37 Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei brødbitane som var til overs, sju store korger. 38 Dei som hadde ete, var fire tusen mann, forutan kvinner og born. 39 Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til området ved Magadan.
Matt 15,2 viser til Luk 11,38
Note: overleveringa frå dei gamle: den munnlege lova som vart ført vidare frå dei store lovlærarane. ▶overlevering. skyl ikkje hendene: jødisk reinsingsforskrift. ▶heilag og rein.
Note: gåve til tempelet: >Mark 7,11.
Note: eller mor si: Orda manglar i nokre handskrifter.
Note: Tyros og Sidon: >11,21.
Note: Tyros og Sidon: >11,21.
Note: ei kanaaneisk kvinne: «kanaaneisk» vil her seia at kvinna var ikkje-jøde. miskunna deg: gr. eleison. >17,15.
Note: Bli ferdig med henne: I dette uttrykket kan det liggja ei oppmoding til å avvisa kvinna eller til å hjelpa henne og så la henne gå.
Matt 15,32 viser til Matt 14,14ff
Note: synest inderleg synd på: >9,36.
Matt 15,32 viser til Matt 14,14ff
Note: synest inderleg synd på: >9,36.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. oktober 2021

Dagens Bibelord

3. Mosebok 19,32–37

Les i nettbibelen

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. ... Vis hele teksten

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. 34Innflytteren som bor hos dere, skal være som en av deres egne landsmenn. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud. 35Dere skal ikke gjøre urett mot noen når dere dømmer, når dere bruker lengdemål, vekt eller hulmål. 36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal dere bruke. Jeg er Herren deres Gud, som førte dere ut av Egypt. 37Dere skal holde alle mine forskrifter og lover og leve etter dem! Jeg er Herren.