Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Jesus åtvarar mot dei skriftlærde og farisearane
23Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:  2 «På stolen til Moses sit dei skriftlærde og farisearane.  3 Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For det dei seier, gjer dei ikkje.  4 Dei bind bører som er for tunge til å bera, og legg på akslene til folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.  5 Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer bønereimane breie og minneduskane store.  6 Dei likar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogane,  7 og at folk helsar dei på torget og kallar dei rabbi.
   
 8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er meisteren dykkar, og de er alle sysken.  9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk lærarar; for de har éin lærar: Kristus. 11 Den største av dykk skal vera tenaren dykkar. 12 Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
Verop over dei skriftlærde og farisearane
13 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.
   
14 *Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.•
   
15 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand rundt for å vinna ein einaste proselytt, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.
   
16 Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: ‘Sver du ved tempelet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i tempelet, er eiden bindande.’ 17 Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller tempelet som gjer gullet heilagt? 18 Og like eins: ‘Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, er eiden bindande.’ 19 Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag? 20 Den som sver ved altaret, sver både ved det og ved alt som ligg på det. 21 Og den som sver ved tempelet, sver både ved det og ved han som bur i det. 22 Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på den.
   
23 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort. 24 Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.
   
25 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av grisk og grådig lyst. 26 Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg!
   
27 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap. 28 Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.
   
29 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravminne over profetane og pryder gravene til dei rettferdige og seier: 30 ‘Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje gjort oss medskuldige i blodet til profetane.’ 31 Slik vitnar de sjølve at de er born av dei som slo profetane i hel. 32 Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt. 33 Slangar og ormeyngel! Korleis kan de rømma unna dommen til helvete?
   
34 Difor sender eg profetar og vismenn og skriftlærde til dykk. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogane dykkar og forfølgja frå by til by. 35 Slik skal straffa koma over dykk for alt skuldlaust blod som har runne på jorda, frå den rettferdige Abels blod til blodet frå Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom tempelet og altaret. 36 Sanneleg, eg seier dykk: Over denne slekta skal det koma alt saman.
Klage over Jerusalem
37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 38 Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate! 39 For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier:
          ‘ Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»
Matt 23,3 viser til Rom 2,17ff
Matt 23,5 viser til 4 Mos 15,38f, 5 Mos 6,8, Matt 6,1ff
Note: bønereimane: to skinnreimar med små kapslar som inneheldt pergamentstrimlar med skriftord frå GT. minneduskane: >9,20.
Note: rabbi: tittel på dei jødiske lovlærarane. Ordet tyder «meister», «lærar». Jf. Joh 1,38. >8,19.
Matt 23,9 viser til Mal 2,10
Note: far: ærestittel som vart nytta om dei skriftlærde.
Note: Verset manglar i dei eldste handskriftene. De et … huset: Dei skriftlærde vart kritiserte for å utnytta og snylta på fattigfolks gjestfridom.
Note: proselytt: ein ikkje-jøde som har gått over til jødedomen. ▶ikkje-jødar.
Matt 23,23 viser til 3 Mos 27,30, Mi 6,8
Note: tiend: plikt til å gje ein tiandedel av avling og anna inntekt til Herren. ▶religiøse skikkar og ordningar.
Matt 23,27 viser til Apg 23,3
Note: graver: Den som trakka på ei grav, vart urein og måtte gjennom ei reinsing før han kunne vera med i gudstenesta. Jf. 4 Mos 19,16–20.
Matt 23,35 viser til 1 Mos 4,8, 2 Krøn 24,20f
Note: frå … frå Sakarja: I den hebr. bibelen er Abel og Sakarja den første og den siste personen som vart drepen utan skuld. Jf. 1 Mos 4,8 og 2 Krøn 24,20f.
Matt 23,38 viser til 1 Kong 9,7f, Jer 12,7
Note: Huset dykkar: tempelet.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. oktober 2021

Dagens Bibelord

Forkynneren 4,17–5,6

Les i nettbibelen

17Vokt din fot når du går til Guds hus! Det er bedre å komme dit for å lytte enn å bære fram offer slik dårer gjør; de vet ikke annet enn å gjøre det onde. ... Vis hele teksten

17Vokt din fot når du går til Guds hus! Det er bedre å komme dit for å lytte enn å bære fram offer slik dårer gjør; de vet ikke annet enn å gjøre det onde. 1Vær ikke for snar med munnen, og la ikke hjertet forhaste seg når du vil tale et ord for Guds ansikt. For Gud er i himmelen og du på jorden, la derfor dine ord være få! 2Med travelhet følger tankespinn, med dårers tale for mange ord. 3Når du gir Gud et løfte, så drøy ikke med å oppfylle det. For han har ingen glede i dårer. Hold det du har lovet ham! 4Det er bedre at du ikke gir ham noe løfte, enn å love og ikke holde det. 5La ikke munnen få deg til å synde, og si ikke til Guds sendebud: «Jeg gjorde det av vanvare.» Hvorfor vil du gjøre Gud harm med dine ord, så han ødelegger det du har gjort? 6Midt i alle drømmer, all tomhet, alle ord: Ha ærefrykt for Gud! 6