Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Jesus svarar døyparen Johannes
11Då Jesus hadde fullført talen og sagt det han ville påleggja dei tolv læresveinane sine, drog han derifrå og tok til å undervisa og forkynna kring i byane.
   
 2 I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:  3 «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»  4 Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:
          
   
 5  Blinde ser, og lamme går,
          spedalske blir reine, og døve høyrer,
           døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.
 6 Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»
Jesus vitnar om Johannes
 7 Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?  8 Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane.  9 Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive:
           Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
           han skal rydda vegen for deg.
11 Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han. 12 Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg. 13 For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda. 14 Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma. 15 Den som har øyre, høyr!
   
16 Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
          
   
17 ‘Vi spela på fløyte for dykk,
          men de ville ikkje dansa.
          Vi song klagesongar,
          men de ville ikkje sørgja.’
18 For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’ 19 Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»
Verop over byar i Galilea
20 Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi dei ikkje hadde vendt om: 21 «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledd seg i sekk og oske. 22 Men det seier eg dykk: På dommedag skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de. 23 Og du, Kapernaum – skal du opphøgjast like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag. 24 Men det seier eg dykk: På dommedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»
Sonen gjev kvile
25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
   
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Matt 11,3 viser til Matt 3,11
Note: den … koma: ▶Messias.
Matt 11,14 viser til Matt 17,10ff, Luk 1,17
Note: Elia: Ifølgje Mal 4,5 skulle Elia openberra seg i dei siste tider for å gje menneska høve til omvending. Døyparen Johannes gjekk kledd på same måten som profeten Elia. Jf. Matt 3,4; 2 Kong 1,8.
Matt 11,19 viser til Matt 9,10ff, Luk 15,1f, 1 Kor 1,24-30
Note: tollarar og syndarar: >5,46. Visdomen … gjerningane hennar: Visdomen kan framstillast som eit personleg vesen, gjerne som ei kvinne. Jf. Job 28,23–27; Ordt 8,12–36.
Matt 11,21 viser til Jes 23,1ff, Am 1,9f, Sak 9,2ff
Note: Tyros og Sidon: bystatar på kysten av Fønikia ved Middelhavet. Står i evangelia som symbol på heidningverda og innbyggjarane der, som motsetning til Israel. Jf. Matt 15,21; Mark 3,8; Luk 6,17. sekk og oske: viser til ▶sørgjeskikkar der ein kler seg i grov sekkestrie og strør jord eller støv på hovudet.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. november 2021

Dagens bibelord

Openberringa 5,1–5

Les i nettbibelen

1Og eg såg at han som sat på trona, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2Då såg eg ein mektig engel som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla?» ... Vis hele teksten

1Og eg såg at han som sat på trona, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2Då såg eg ein mektig engel som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla?» 3Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. 4Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. 5Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda-stammen, Davids rotskot, har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»