Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Menneskebod og Guds bod
7Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus.  2 Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med ureine hender, det vil seia utan å skylja dei.  3 For farisearane og alle andre jødar heller litt vatn over hendene før dei et. Slik held dei fast ved overleveringa frå dei gamle.  4 Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje noko utan å ha teke eit reinsingsbad. Dei har òg mange andre skikkar som dei har overteke og held fast på, så som å dyppa skåler og krus og kjelar i vatn.  5 Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor følgjer ikkje læresveinane dine overleveringa frå dei gamle, men et med vanheilage hender?»  6 Då sa Jesus: «Jesaja profeterte rett om dykk, hyklarar, slik det står skrive:
           Dette folket ærar meg med leppene,
           men hjartet er langt borte frå meg.
          
   
 7  Fåfengt dyrkar dei meg,
           for det dei lærer, er menneskebod.
 8 De har forlate Guds bod, men held fast på overleveringa frå menneske.»
   
 9 Og han sa til dei: «Ja, de fer fint fram! De set Guds bod ut av kraft så dykkar eiga overlevering kan gjelda! 10 Moses har sagt: ‘ Æra far din og mor di’, og: ‘ Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’. 11 Men de godkjenner likevel at nokon seier til far sin eller mor si: ‘Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ein korban’ – det er ei gåve til tempelet. 12 Då lèt de han ikkje få gjera noko for far eller mor. 13 Slik set de Guds ord til sides av omsyn til den overleveringa de har gjeve vidare. Og slikt gjer de mykje av.»
   
14 Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og forstå! 15 Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint. 16 *Den som har øyre å høyra med, høyr!•»
   
17 Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om likninga. 18 «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at ingen ting av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint? 19 Det kjem då ikkje inn i hjartet, men fer ned i magen og ut dit det skal.» Dermed slo han fast at all mat er rein. 20 Og han la til: «Det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint. 21 For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord, 22 ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd. 23 All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»
Kvinna frå Fønikia
24 Så tok han ut derifrå og fór til Tyros-området. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt. 25 Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som hadde ei urein ånd i seg. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans. 26 Denne kvinna var gresktalande, av syrisk-fønikisk ætt. Og ho bad han driva den vonde ånda ut av dotter hennar. 27 Men Jesus sa til henne: «Lat først borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» 28 «Det er sant, Herre», svara ho, «men hundane under bordet et då smulane etter borna.» 29 Då sa han til henne: «Fordi du sa dette, seier eg deg: Gå heim, den vonde ånda har fare ut av dotter di.» 30 Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga. Den vonde ånda hadde fare ut.
Den døve som hadde vondt for å tala
31 Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. 32 Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. 33 Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans. 34 Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» 35 Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint. 36 Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. 37 Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»
Note: litt vatn: ▶heilag og rein. overleveringa frå dei gamle: den munnlege lova som vart ført vidare frå dei store lovlærarane. ▶overlevering.
Mark 7,4 viser til Matt 23,25
Note: når dei … torget: Å koma nær ulike varer og menneske førte lett til at ein vart smitta av rituell ureinleik. Jf. Esek 4,14; Luk 2,22; Joh 11,55; Apg 10,14. ▶heilag og rein.
Note: korban: hebr. ord for «tempelgåve», brukt når ein gav eigedom over til religiøs bruk. Jf. 3 Mos 27.
Note: Den som … høyr: Verset manglar i nokre av dei eldste handskriftene.
Mark 7,19 viser til Kol 2,16-21f
Note: Dermed … mat er rein: ▶heilag og rein.
Note: Tyros-området: >3,8.
Note: Tyros-området: >3,8.
Note: syrisk-fønikisk: om folk frå kystområdet langs Middelhavet nordvest for Galilea. Fønikia høyrde i nytestamentleg tid til den romerske provinsen Syria.
Mark 7,31 viser til Matt 15,29
Note: Sidon: >3,8 Galileasjøen: >1,16 Dekapolis: >5,20.
Note: tok spytt … hans: Bruk av spytt var vanleg i folkeleg lækjekunst i både den gresk-romerske og den jødiske verda. Jf. 8,23.
Note: Effata: aram. ord. Jf. 5,41.
Forrige kapittelNeste kapittel

22. september 2021

Dagens Bibelord

Markus 1,40–45

Les i nettbibelen

40En mann som var spedalsk, kom til ham, falt på kne og ba om hjelp: «Om du vil, kan du gjøre meg ren.» 41Jesus fikk inderlig medfølelse med ham, rakte ut hånden og rørte ved ham. «Jeg vil», sa han. «Bli ren!» ... Vis hele teksten

40En mann som var spedalsk, kom til ham, falt på kne og ba om hjelp: «Om du vil, kan du gjøre meg ren.» 41Jesus fikk inderlig medfølelse med ham, rakte ut hånden og rørte ved ham. «Jeg vil», sa han. «Bli ren!» 42Med det samme var spedalskheten borte, og mannen ble ren. 43Jesus talte strengt til ham og sendte ham straks bort. 44«Se til at du ikke sier et ord om dette til noen», sa han. «Men gå og vis deg for presten og bær fram de offer for renselsen din som Moses har påbudt. Det skal være et vitnesbyrd for dem.» 45Men mannen gikk av sted og ga seg til å fortelle om det som hadde hendt, og gjøre nyheten kjent vidt og bredt. Derfor kunne Jesus ikke lenger vise seg i noen by. Han holdt til utenfor byene, på øde steder. Men folk kom til ham fra alle kanter.