Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittel

Jesus står opp
16Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje, for dei ville gå og salva han.  2 Tidleg om morgonen første dagen i veka kom dei til grava med det same sola rann.  3 Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å rulla steinen frå gravopninga?»  4 Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var rulla til sides. Han var svært stor.  5 Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart gripne av otte og undring,  6 men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han!  7 Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’»  8 Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande og frå seg av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde.
Jesus syner seg for læresveinane
 9 *Då Jesus hadde stått opp att, tidleg den første dagen i veka, synte han seg først for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut av. 10 Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no sørgde og gret. 11 Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.
   
12 Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei medan dei var på veg ut på landet. 13 Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei vart heller ikkje trudde.
   
14 Til sist synte han seg for dei elleve medan dei var til bords. Han refsa dei fordi dei var så vantru og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde på dei som hadde sett at han var stått opp.
Oppgåva til læresveinane
15 Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt! 16 Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd. 17 Og desse teikna skal følgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, 18 dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk dødeleg gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke så dei blir friske.»
Jesus blir teken opp til himmelen
19 Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. 20 Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.•
Note: angande olje: Før gravlegginga brukte dei å salva den døde med olje og strø velluktande krydder i likkledet. Jf. Joh 19,39f.
Note: angande olje: Før gravlegginga brukte dei å salva den døde med olje og strø velluktande krydder i likkledet. Jf. Joh 19,39f.
Note: for dei var redde: Med desse orda endar evangeliet i si eldste kjende form.
Mark 16,9 viser til Luk 8,2
Note: Versa manglar i dei eldste handskriftene. Dei er kjende av nokre kyrkjefedrar i siste halvdelen av 100-talet e.Kr. og finst i yngre handskrifter. Ei stuttare avslutning finst i andre, yngre handskrifter: «Men det dei hadde fått påbod om, fortalde dei straks til dei som var saman med Peter. Etter dette lét Jesus dei bera ut den heilage og uforgjengelege bodskapen om den evige frelsa, frå aust til vest. Amen.»
Mark 16,9 viser til Luk 8,2
Note: Versa manglar i dei eldste handskriftene. Dei er kjende av nokre kyrkjefedrar i siste halvdelen av 100-talet e.Kr. og finst i yngre handskrifter. Ei stuttare avslutning finst i andre, yngre handskrifter: «Men det dei hadde fått påbod om, fortalde dei straks til dei som var saman med Peter. Etter dette lét Jesus dei bera ut den heilage og uforgjengelege bodskapen om den evige frelsa, frå aust til vest. Amen.»
Mark 16,12 viser til Luk 24,13ff
Note: ut på landet: truleg ei tilvising til forteljinga i Luk 24,13–35.
Forrige kapittel

22. september 2021

Dagens Bibelord

Markus 1,40–45

Les i nettbibelen

40En mann som var spedalsk, kom til ham, falt på kne og ba om hjelp: «Om du vil, kan du gjøre meg ren.» 41Jesus fikk inderlig medfølelse med ham, rakte ut hånden og rørte ved ham. «Jeg vil», sa han. «Bli ren!» ... Vis hele teksten

40En mann som var spedalsk, kom til ham, falt på kne og ba om hjelp: «Om du vil, kan du gjøre meg ren.» 41Jesus fikk inderlig medfølelse med ham, rakte ut hånden og rørte ved ham. «Jeg vil», sa han. «Bli ren!» 42Med det samme var spedalskheten borte, og mannen ble ren. 43Jesus talte strengt til ham og sendte ham straks bort. 44«Se til at du ikke sier et ord om dette til noen», sa han. «Men gå og vis deg for presten og bær fram de offer for renselsen din som Moses har påbudt. Det skal være et vitnesbyrd for dem.» 45Men mannen gikk av sted og ga seg til å fortelle om det som hadde hendt, og gjøre nyheten kjent vidt og bredt. Derfor kunne Jesus ikke lenger vise seg i noen by. Han holdt til utenfor byene, på øde steder. Men folk kom til ham fra alle kanter.