Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

Forrige kapittelNeste kapittel

Sakkeus
19Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen.  2 Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik.  3 Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst.  4 Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi.  5 Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.»  6 Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede.  7 Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.»  8 Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.»  9 Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son. 10 For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»
Likninga om punda
11 Medan dei høyrde på dette, heldt Jesus fram og fortalde ei likning. For han var nær Jerusalem, og dei meinte at Guds rike straks skulle koma til syne. 12 Han sa:
        «Ein mann av høg ætt ville fara til eit land langt borte. Der skulle han bli innsett som konge og så koma heim att.
13 Han kalla til seg ti av tenarane sine, gav dei ti pund og sa til dei: ‘Driv handel med desse pengane til eg kjem att.’ 14 Men landsmennene hans hata han, og dei lét sendemenn fara av stad etter han og seia: ‘Vi vil ikkje ha denne mannen til konge over oss.’
   
15 Då han no kom att som konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent. 16 Den første kom fram og sa: ‘Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.’ 17 ‘Det er bra, du gode tenar’, sa kongen. ‘Fordi du har vore tru i lite, skal du få rå over ti byar.’ 18 Den andre kom og sa: ‘Herre, det pundet du gav meg, har gjeve fem pund.’ 19 Til han sa kongen: ‘Du skal rå over fem byar.’ 20 Men så kom det ein og sa: ‘Herre, sjå her er pundet ditt! Eg har hatt det liggjande i eit tørkle. 21 Eg var redd deg, for du er ein streng mann som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sådd.’ 22 Då sa kongen: ‘Etter dine eigne ord dømmer eg deg, du dårlege tenar! Du visste at eg er ein streng mann som tek ut det eg ikkje har sett inn, og haustar det eg ikkje har sådd. 23 Kvifor gav du ikkje pengane mine til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?’ 24 Så sa han til dei som stod der: ‘Ta pundet frå han og gjev det til han som har ti frå før!’ 25 ‘Herre, han har alt ti pund’, sa dei. 26 ‘Ja, men eg seier dykk: Den som har, skal få, og den som ikkje har, skal bli fråteken sjølv det han har. 27 Men desse fiendane mine, dei som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, før dei hit og hogg dei ned for auga mine.’»
JESUS KJEM TIL JERUSALEM (19,28–21,4)
Jesus rid inn i Jerusalem
28     Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på vegen opp mot Jerusalem. 29 Då han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg 30 og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og han har det aldri sete noko menneske på. Den skal de løysa og leia hit! 31 Og er det nokon som spør: ‘Kvifor løyser de folen?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han.’»
   
32 Dei to gjekk av stad og fann det slik som han hadde sagt. 33 Dei løyste folen, og dei som eigde han, spurde: «Kvifor løyser de folen?» 34 Dei svara: «Herren har bruk for han.» 35 Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå. 36 Og der han reid fram, breidde folket kappene sine ut på vegen.
   
37 Då han nærma seg skråninga ned frå Oljeberget, byrja heile mengda av læresveinar å lova Gud med høg røyst, glade som dei var, for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa:
          
   
38 « Velsigna er han, kongen,
           som kjem i Herrens namn!
          Fred i himmelen
          og ære i det høgste!»
39 Nokre farisearar i folkemengda sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rette!» 40 Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»
Jesus græt over Jerusalem
41 Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen 42 og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. 43 Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. 44 Dei skal slå deg til jorda, og borna dine med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»
Tempelet skal vera eit bønehus
45 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen, og der tok han til å jaga ut dei som dreiv handel. 46 Og han sa til dei: «Det står skrive:
           Mitt hus skal vera eit bønehus.
          Men de har gjort det til ei røvarhòle.»
47 Sidan var han kvar dag på tempelplassen og underviste. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket leita etter ein utveg til å ta livet av han. 48 Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle få det til, for alt folket heldt seg nær han og høyrde på han.
Note: overtollar: kanskje med ansvaret for tollinnkrevjinga i eit større område. Varer frå området aust for Jordanelva vart førte til Jerusalem via Jeriko.
Note: morbærtre: kan òg omsetjast «morbærfikentre» eller «sykomortre», eit tre som kan bli opptil 15 m høgt med store greiner som veks frå ein låg stamme.
Luk 19,7 viser til Luk 15,2+
Luk 19,8 viser til 2 Sam 12,6
Note: fire gonger så mykje: Etter 3 Mos 5,16–24 skal eigedom ein har skaffa seg på uærleg vis, betalast tilbake med ein femtedels tillegg. For stolen buskap skal det etter 2 Mos 22,1 svarast fire- eller femdobbel skadebot.
Luk 19,12 viser til Mark 13,34
Note: innsett som konge: I land under romersk herredøme måtte lokale regentar godkjennast av keisaren.
Note: ti pund: Eitt pund svarar til 100 dagløner. ▶mynt.
Luk 19,14 viser til Sal 2,2f
Luk 19,28 viser til Luk 9,51+
Luk 19,28 viser til Luk 9,51+
Luk 19,38 viser til Sal 118,26, Luk 2,14
Note: Velsigna … namn!: Lovprisingsropet er frå Sal 118,26, men her er ordet «kongen» lagt til. Jf. Joh 12,13; Sak 9,9.
Note: tempelplassen: føregarden framfor tempelet. ▶Guds bustad.
Note: tempelplassen: føregarden framfor tempelet. ▶Guds bustad.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. oktober 2021

Dagens Bibelord

3. Mosebok 19,32–37

Les i nettbibelen

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. ... Vis hele teksten

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. 34Innflytteren som bor hos dere, skal være som en av deres egne landsmenn. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud. 35Dere skal ikke gjøre urett mot noen når dere dømmer, når dere bruker lengdemål, vekt eller hulmål. 36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal dere bruke. Jeg er Herren deres Gud, som førte dere ut av Egypt. 37Dere skal holde alle mine forskrifter og lover og leve etter dem! Jeg er Herren.