Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Jakobs brev

1 2 3 4 5

Neste kapittel

Helsing
1Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, sender si helsing til dei tolv stammane som er spreidde omkring i framande land.
Prøving og freisting
 2 Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar;  3 for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod.  4 Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.
   
 5 Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.  6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden.  7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,  8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
   
 9 Ein bror som står lågt i rang, skal vera stolt av kor høgt han blir sett, 10 og ein rikmann skal vera stolt av kor lågt han blir sett, for som blomen i graset skal han forgå. 11 Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell av, og all hans prakt er borte. På same måten skal den rike visna midt i alt sitt strev.
   
12 Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.
   
16 Far ikkje vill, mine kjære sysken! 17 All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar. 18 Av sin eigen vilje har han fødd oss ved det sanne ordet, så vi skal vera ei førstegrøde av hans skapningar.
Høyra og gjera
19 Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint. 20 For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.
   
26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje kan tøyma tunga si, narrar seg sjølv, og gudsdyrkinga hans er utan verdi. 27 Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.
Jak 1,1 viser til Joh 7,35, Apg 12,17, Hebr 11,13, 1 Pet 1,1
Note: Jakob: bror til Jesus og leiar for forsamlinga i Jerusalem. ▶vanlege namn. dei tolv stammane: Israelsfolket var delt i tolv stammar; her er uttrykket kanskje brukt om jødekristne. Jf. Gal 2,12f. spreidde … land: I jødisk litteratur blir uttrykket brukt om jødar som budde utanfor Israel.
Jak 1,2 viser til Matt 5,11f+, Rom 5,3, 1 Pet 1,6f
Note: sysken: Jakob bruker ofte ordet ▶«sysken» når han vender seg til medkristne. prøvingar: same ordet er i v. 12 omsett «freistingar».
Jak 1,6 viser til Matt 21,21f
Jak 1,8 viser til Jak 4,8
Jak 1,9 viser til Jak 2,5
Jak 1,14 viser til Rom 7,7ff
Jak 1,17 viser til Matt 7,11
Note: lysa på himmelen: stjernene.
Jak 1,18 viser til Joh 3,3+, 1 Pet 1,3
Note: førstegrøde: den første delen av avlinga. Jf. Rom 8,23; 1 Kor 15,20. ▶offer og soning.
Neste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»