Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ openberring

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

Forrige kapittelNeste kapittel

Dei tusen åra
20Og eg såg ein engel stiga ned frå himmelen. I handa hadde han nøkkelen til avgrunnen og ei stor lenkje.  2 Han greip draken, den gamle slangen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år.  3 Engelen kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før dei tusen åra var omme. Etter det skal han sleppast laus ei kort tid.
   
 4 Og eg såg troner, og nokre sette seg på dei, og dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne på grunn av Jesu vitnemål og Guds ord, dei som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av dyret, og ikkje teke mot merket på panna eller handa. Dei vart levande att og herska som kongar saman med Kristus i tusen år.  5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen åra var gått. Dette er den første oppstoda.  6 Sæl og heilag er den som får ta del i den første oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og herska som kongar med han i tusen år.
   
 7 Og når dei tusen åra er til ende, skal Satan sleppast laus frå fengselet sitt.  8 Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire verdshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og dei er talrike som havsens sand.  9 Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei. 10 Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.
Dommen
11 Og eg såg ei stor, kvit trone og han som sat på trona. Jorda og himmelen flykta bort frå hans andlet, og dei fanst ikkje meir. 12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor trona, og bøker vart opna. Og ei anna bok vart opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. 13 Havet gav frå seg dei døde som var der, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der, og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. 14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen. Og eldsjøen, det er den andre døden. 15 Og dersom nokon ikkje stod oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.
Op 20,1 viser til Op 9,1
Op 20,2 viser til Op 12,9+
Note: Gog og Magog: Jf. Esek 38–39; Op 16,14; 19,19.
Forrige kapittelNeste kapittel

23. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 8,12–14

Les i nettbibelen

12Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.» 13Fariseerne sa til ham: «Du vitner i egen sak, ditt vitneutsagn er ikke gyldig.» ... Vis hele teksten

12Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.» 13Fariseerne sa til ham: «Du vitner i egen sak, ditt vitneutsagn er ikke gyldig.» 14Jesus svarte: «Selv om jeg vitner i egen sak, er mitt vitneutsagn gyldig. For jeg vet hvor jeg er kommet fra og hvor jeg går hen. Men dere vet ikke hvor jeg kommer fra og hvor jeg går hen.