Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ andre brev til Timoteus

1 2 3 4

Forrige kapittelNeste kapittel

Menneska i dei siste tidene
3Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider.  2 Då skal folk vera sjølvopptekne og pengegriske, skrytande, hovmodige, spottande, ulydige mot foreldre, utakksame og utan tanke for det heilage,  3 ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan herredøme over seg sjølve, råe, utan kjærleik til det gode,  4 svikefulle, oppfarande og store i eigne auge. Dei elskar lystene sine meir enn dei elskar Gud.  5 Dei er gudfryktige utanpå, men fornektar krafta i gudsfrykta. Vend deg bort frå slike folk!  6 Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over svake kvinner som er tyngde av synder, slike kvinner som lèt seg driva av mange slag lyster,  7 og som alltid får undervising, men aldri kan læra sanninga å kjenna.  8 Slik Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse menneska seg opp mot sanninga. Dømmekrafta deira er øydelagd, og trua deira held ikkje mål.  9 Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal bli klårt for alle kor vitlause dei er. Slik gjekk det òg med Jannes og Jambres.
Hald fast på det du har lært
10 Men du har følgt meg i lære og liv, i forsett, i tru, i tolmod, kjærleik og vilje til å halda ut, 11 og gjennom forfølging og liding, som det eg vart utsett for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje måtta tola av forfølgingar! Men Herren har fria meg ut av dei alle. 12 Alle som vil leva eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde. 13 Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vill og blir sjølve førte vill. 14 Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. 15 Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. 16 Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, 17 så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.
2 Tim 3,2 viser til Matt 15,19, Matt 24,12, Rom 13,13, 1 Kor 5,10f, 1 Kor 6,9f, 2 Kor 12,20, Gal 5,19ff, Ef 5,3ff, Kol 3,5ff, 1 Tim 1,9f, 2 Tim 3,2ff
Note: Versa inneheld ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. ▶katalogar.
2 Tim 3,8 viser til 1 Tim 6,5
Note: Jannes og Jambres: er etter jødisk tradisjon namna på dei egyptiske trollmennene som motarbeidde Moses då han gjorde under framfor farao. Jf. 2 Mos 7,11f.22.
2 Tim 3,16 viser til Rom 15,4, 2 Pet 1,21
Note: Kvar bok i Skrifta: kan òg omsetjast «Heile skrifta».
Forrige kapittelNeste kapittel

18. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 12,13–21

Les i nettbibelen

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» ... Vis hele teksten

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» 15Og han sa til dem: «Ta dere i vare for all slags grådighet! For det er ikke det en eier, som gir liv, selv om en har overflod.» 16Så fortalte han dem en lignelse:«Det var en rik mann som hadde fått god avling av jorden, 17og han tenkte med seg selv: ‘Hva skal jeg gjøre? Jeg har ikke plass til avlingen min. 18Jo, dette vil jeg gjøre: Jeg river ned låvene og bygger dem større, og der samler jeg kornet og alt jeg ellers eier. 19Så skal jeg si til meg selv: Nå har du mye godt liggende, nok for mange år. Slå deg til ro, min sjel, spis, drikk og vær glad!’ 20Men Gud sa til ham: ‘Uforstandige menneske! I natt kreves din sjel tilbake. Hvem skal så ha det du har samlet?’ 21Slik går det med den som samler skatter til seg selv og ikke er rik i Gud.»