Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

PAULUS PÅ FØRSTE MISJONSREISA (Kap. 13–14)
Paulus og Barnabas blir utsende
13    I Antiokia, i forsamlinga som fanst der, var det nokre profetar og lærarar. Der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til landsfyrsten Herodes, og Saulus.  2 Ein gong medan dei feira gudsteneste for Herren og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til.»  3 Då heldt dei faste og bøn, la hendene på dei og lét dei fara.
På Kypros
 4 Dei som såleis var utsende av Den heilage ande, drog først ned til Selevkia, og derifrå segla dei til Kypros.  5 Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogane. Dei hadde Johannes som medhjelpar.  6 Dei reiste over heile øya og kom til Pafos. Der støytte dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus.  7 Han heldt til hos guvernøren Sergius Paulus, som var ein forstandig mann. Han bad Barnabas og Saulus til seg og ville høyra Guds ord.  8 Men Elymas – trollmannen, som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få guvernøren bort frå trua.  9 Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage ande. Han såg trollmannen i auga 10 og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete? 11 Sjå, no legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda fall det skodde og mørker over han, og han famla rundt og leita etter nokon som kunne leia han. 12 Då guvernøren såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru.
Paulus talar i Antiokia ved Pisidia
13 Så segla dei frå Pafos, Paulus og dei som var med han, og kom til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog tilbake til Jerusalem. 14 Dei andre drog vidare frå Perge og kom til Antiokia ved Pisidia. På sabbatsdagen gjekk dei inn i synagogen og sette seg. 15 Etter at det var lese frå lova og profetane, sende synagogeforstandarane helsing ned til dei med desse orda: «Brør, har de eit ord som kan vera til oppmuntring for folket, så tal!» 16 Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa:
        «Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg!
17 Han som er Gud for Israelsfolket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med lyft arm førte han dei ut derifrå. 18 I om lag førti år bar han over med dei i øydemarka. 19 Han rydda ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige. 20 Det gjekk om lag 450 år. Sidan gav han dei dommarar. Den siste av dei var profeten Samuel. 21 Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen, og han var konge i førti år. 22 Men Gud avsette han og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘ Eg har funne David, son til Isai, ein mann etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’ 23 Av hans etterkomarar lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova. Det er Jesus. 24 Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket. 25 Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: ‘Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalen av foten hans.’
   
26 Brør, de som er av Abrahams ætt, og de andre som ottast Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt. 27 For dei kjende han ikkje, folket i Jerusalem og leiarane deira. Men dei dømde han, og med det oppfylte dei profetorda som blir lesne opp kvar sabbat. 28 Sjølv om dei ikkje fann noko som dei kunne dømma han til døden for, kravde dei at Pilatus skulle drepa han. 29 Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå treet og la han i ei grav. 30 Men Gud reiste han opp frå dei døde, 31 og i mange dagar synte han seg for dei som hadde gått saman med han frå Galilea og opp til Jerusalem, desse som no er hans vitne for folket. 32 Og no kjem vi til dykk med den gode bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre, 33 den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen:
           Du er Son min,
           eg har fødd deg i dag.
34 Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil la dykk få lovnadene til David, dei som står fast. 35 Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage sjå forròtning. 36 David var i si levetid ein tenar for Guds plan. Så døydde han og vart sameina med fedrane sine, og han såg forròtning. 37 Men han som Gud reiste opp, såg ikkje forròtning. 38 Så skal de då vita, brør, at ved han blir det forkynt dykk tilgjeving for syndene. Alt det som de ikkje kunne bli frikjende for ved Moselova, 39 det blir kvar den som trur, frikjend for ved han. 40 Ta dykk i vare så ikkje det som er sagt av profetane, skal koma over dykk:
          
   
41  Sjå, de som er fulle av forakt,
           de skal undra dykk og bli til inkjes.
           For eit verk gjer eg i dykkar dagar,
           eit verk som de ikkje ville tru
           om det vart dykk fortalt.»
42 Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg. 43 Og då forsamlinga løyste seg opp, var det mange som følgde dei, både jødar og gudfryktige proselyttar. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjartet at dei måtte halda fast ved Guds nåde.
   
44 Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Herrens ord. 45 Men då jødane såg alt folket, vart dei brennande harme. Dei spotta og sa imot det Paulus forkynte. 46 Då svara Paulus og Barnabas med frimod: «Det var nødvendig at Guds ord først vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane. 47 For dette er Herrens bod til oss:
           Eg har gjort deg til eit lys for folkeslag,
           så du skal bera frelse til enden av verda.»
48 Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var bestemte til evig liv. 49 Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet. 50 Men jødane øste opp dei gudfryktige kvinnene av høg byrd og dei leiande mennene i byen, så dei fekk i gang ei forfølging av Paulus og Barnabas, og dei vart jaga bort frå området. 51 Då riste dei støvet av føtene mot forfølgjarane og fór til Ikonium. 52 Men læresveinane vart fylte av glede og av Den heilage ande.
Note: Antiokia: >6,5. Niger: er latin og tyder «svart».
Apg 13,5 viser til Apg 12,12+
Note: Johannes: før i Apg kalla Johannes Markus. Jf. 12,25.
Note: Saulus: det jødiske namnet til Paulus.
Apg 13,15 viser til Apg 15,21
Note: til oppmuntring: Det gr. ordet kan romma både formaning og trøyst. Jf. 4,36; Hebr 13,22. ▶formaning.
Note: som ottast Gud: >10,2.
Apg 13,18 viser til 5 Mos 1,31, 5 Mos 2,7
Note: bar han over med dei: Ein del tidlege handskrifter har «sørgde han for dei».
Apg 13,28 viser til Luk 23,18ff
Apg 13,30 viser til Apg 2,24+
Apg 13,36 viser til Apg 2,29ff+
Apg 13,43 viser til Apg 11,23
Note: proselyttar: >2,11.
Note: dei gudfryktige: >10,2.
Apg 13,51 viser til Matt 10,14, Apg 18,6
Note: riste … av føtene: symbolsk handling som gav uttrykk for at ein gjorde slutt på fellesskapet med nokon.
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.