Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Paulus ankar til keisaren
25Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.  2 Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hos han med skuldingar mot Paulus. Og dei bad han  3 gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem, for dei ville leggja seg i bakhald og drepa han på vegen.  4 Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle tilbake dit.  5 «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det», sa han, «vera med og leggja fram skuldinga, om det er noko gale med mannen».
   
 6 Han hadde ikkje vore der meir enn åtte–ti dagar, så drog han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i dommarsetet og baud at Paulus skulle førast fram.  7 Straks han kom inn, stilte dei seg omkring han, dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, og dei sette fram mange harde skuldingar som dei ikkje kunne føra prov for.  8 Paulus forsvara seg og sa: «Eg har ikkje forbrote meg, korkje mot lova til jødane eller mot tempelet eller mot keisaren.»  9 Festus ville gjerne gjera jødane til lags. Difor sa han til Paulus: «Er du villig til å dra opp til Jerusalem og få saka avgjord der, med meg som dommar?» 10 Men Paulus svara: «Eg står for domstolen til keisaren, og det er her eg skal dømmast. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt. 11 Er eg skuldig i noko som fortener dødsstraff, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.» 12 Festus drøfte saka med rådgjevarane sine og sa frå: «Du har anka til keisaren, og til keisaren skal du fara.»
Paulus for Festus og kong Agrippa
13 Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea for å helsa på Festus. 14 Då dei vart verande i fleire dagar, fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her», sa han, «som Feliks har late etter seg i fengselet. 15 Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hos jødane fram med skuldingar mot han og bad om å få han dømd. 16 Eg svara at romarane ikkje har for vane å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot skuldinga. 17 Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge. Alt dagen etter sette eg meg i dommarsetet og baud at mannen skulle førast fram. 18 Klagarane samla seg omkring han, men dei kom ikkje med skuldingar om brotsverk, som eg hadde venta. 19 Dei var berre usamde med han om nokre spørsmål i deira eigen religion og om ein som heitte Jesus. Han er død, men Paulus påstår at han lever. 20 Eg visste ikkje korleis eg skulle greia ut denne saka, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der. 21 Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til den høge keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle bli sitjande til eg får sendt han til keisaren.» 22 «Den mannen har eg òg hug til å høyra», sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han», svara Festus.
   
23 Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i audienssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. På ordre frå Festus vart Paulus ført inn. 24 Så tok Festus ordet og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! Her ser de den mannen som har fått heile jødefolket til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger. 25 Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som fortener dødsstraff. Men då han anka til den høge keisaren, sette eg meg føre å senda han dit. 26 No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, først og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva. 27 For eg finn det meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for skuldinga mot han.»
Apg 25,3 viser til Apg 23,12ff
Apg 25,7 viser til Apg 24,5f
Note: Agrippa: Markus Julius Agrippa 2. (ca. 27–100 e.Kr.) følgde i 48 e.Kr. etter onkelen sin Herodes 2. som regent over Kjalkis, eit smårike ved Libanon, og var landsfyrste over store delar av Palestina 53–100 e.Kr. Berenike: var syster hans og enkje etter Herodes 2.
Apg 25,19 viser til Apg 18,14f+
Forrige kapittelNeste kapittel

03. august 2021

Dagens Bibelord

Romarane 9,1–8

Les i nettbibelen

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. ... Vis hele teksten

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. 3For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg. 4Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira. 5Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen. 6Det er ikkje slik at Guds ord har slege feil. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til, 7og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di. 8Det vil seia: Det er ikkje dei som er borna hans av kjøt og blod, som er Guds born. Nei, dei som er born ut frå lovnaden, reknar han som Abrahams ætt.