Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Opp til Jerusalem
21Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og segla beint til Kos, dagen etter til Rodos og derifrå til Patara.  2 Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att.  3 Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og segla mot Syria. I Tyros la vi til land, for skipet skulle lossa.  4 Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.  5 Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad  6 før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att.
   
 7 Så fór vi frå Tyros til Ptolemais og hadde då fullført sjøferda. Vi helsa på syskena der og var ein dag hos dei.  8 Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hos evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hos han.  9 Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve. 10 Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos. 11 Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.» 12 Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem. 13 Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjartet? Eg er klar, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.» 14 Og sidan han ikkje lét seg overtala, roa vi oss og sa: «Lat Herrens vilje råda!»
   
15 Etter desse dagane gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem. 16 Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og følgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller første læresveinane. Hos han skulle vi bu.
Paulus hos Jakob
17 Vi kom til Jerusalem, og syskena der tok imot oss med glede. 18 Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, der alle dei eldste var samla. 19 Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde gjort mellom heidningane gjennom hans teneste. 20 Då dei høyrde det, lova dei Gud. Så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle brenn dei for lova. 21 Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og at du seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane. 22 Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen. 23 Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad. 24 Ta dei med deg og lat deg reinsa saman med dei. Og ber så kostnaden med dette, slik at dei kan raka hovudet. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever slik at du held lova. 25 Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå kjøt som er ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor.»
   
26 Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i tempelet og sa ifrå når reinsingsdagane var omme og offeret skulle berast fram for kvar av dei.
Paulus blir teken til fange i tempelet
27 Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk jødane frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han 28 og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som overalt lærer alle slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han til og med teke grekarar med seg inn i tempelet og vanhelga denne heilage staden.» 29 For dei hadde alt sett Trofimos frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til tempelet. 30 Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han bort frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.
   
31 Dei heldt på og ville slå han i hel då kommandanten for vaktstyrken fekk melding om at heile Jerusalem var i opprør. 32 Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus. 33 Kommandanten gjekk borttil, lét mennene sine gripa Paulus og baud at han skulle bindast med to lenkjer. Så spurde han Paulus kven han var og kva han hadde gjort. 34 Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga. 35 Då dei kom til trappa, trengde hopen så hardt på at soldatane måtte bera han, 36 for heile folkemengda følgde etter og skreik: «Bort med han!»
   
37 Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å seia deg noko?» Han svara: «Kan du gresk? 38 Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivmennene ut i øydemarka?» 39 «Eg er jøde», sa Paulus, «og borgar av Tarsos, ein ikkje ukjend by i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!» 40 Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på trappa og gav teikn til folket med handa. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk:
Note: Kos, Rodos: øyar utanfor sørvestkysten av Vesleasia. Patara: Nokre handskrifter har «Patara og Myra». Byane var hamnebyar på sørkysten av Vesleasia, i provinsen Lykia.
Note: Ptolemais: hamneby ca. fire mil sør for Tyros.
Apg 21,8 viser til Apg 6,5, Apg 8,5ff
Note: Cæsarea: >8,40. evangelisten Filip: >6,5.
Apg 21,24 viser til 1 Kor 9,20
Note: kostnaden: utgifter til offer som nasirearen bar fram den dagen vigslingstida var ute. >18,18. Jf. 4 Mos 6,14f.
Note: Trofimos: >20,4.
Note: kommandanten for vaktstyrken: Claudius Lysias, ein høgare offiser i romarhæren med kommando over ei avdeling på ca. tusen soldatar. Jf. 23,26. Vaktstyrken hans hadde forlegningen sin i Antonia-borga ved det nordvestlege hjørnet av tempelområdet.
Note: borga: Antonia-borga.
Note: egyptaren: egyptisk opprørsleiar som vart knust av landshovdingen Feliks. >23,24. knivmennene: ei radikal gruppe selotar som snikmyrda motstandarane. ▶retningar innanfor jødedomen.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. september 2021

Dagens Bibelord

Salmene 30,1–5

Les i nettbibelen

1En salme. En sang til innvielsen av tempelet. Av David. 2Jeg opphøyer deg, Herre, for du dro meg opp, du lot ikke fienden fryde seg over meg. 3Herre, min Gud, jeg ropte til deg, og du helbredet meg. ... Vis hele teksten

1En salme. En sang til innvielsen av tempelet. Av David. 2Jeg opphøyer deg, Herre, for du dro meg opp, du lot ikke fienden fryde seg over meg. 3Herre, min Gud, jeg ropte til deg, og du helbredet meg. 4Herre, du førte min sjel opp fra dødsriket, du ga meg liv på nytt da jeg var i graven. 5Spill for Herren, dere hans trofaste, pris hans hellige navn!