Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Peter og Johannes for Rådet
4Medan dei tala til folket, kom brått prestane bort til dei saman med saddukearane og sjefen for tempelvakta.  2 Dei var harme fordi dei underviste folket og forkynte oppstoda frå dei døde ved Jesus.  3 Dei la hand på dei og sette dei i fengsel til dagen etter, for det var alt kveld.  4 Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru; talet på menn var no om lag fem tusen.
   
 5 Dagen etter kom dei jødiske rådsherrane, dei eldste og dei skriftlærde saman i Jerusalem.  6 Også øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var av same slekt som øvsteprestane.  7 Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Med kva kraft og i kva namn gjorde de dette?»
   
 8 Då vart Peter fylt av Den heilage ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket!  9 Når vi i dag blir forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt, 10 då skal de alle og heile Israelsfolket vita dette: Når denne mannen står frisk framfor dykk, er det ved namnet til Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. 11 Han er
           steinen som vart vraka av dykk bygningsmenn,
           men som har vorte hjørnestein.
12 Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.»
   
13 Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei kjende dei att og visste at dei hadde vore i lag med Jesus. 14 Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot. 15 Dei sende dei ut av rådssalen og samrådde seg med kvarandre: 16 «Kva skal vi gjera med desse menneska? Det er klårt at dei har gjort eit under, det er kjent for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta for. 17 Men dette må ikkje koma ut mellom folk. Difor vil vi truga dei, så dei ikkje talar til noko menneske meir i dette namnet.» 18 Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og undervisa i Jesu namn. 19 Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett i Guds auge å lyda dykk meir enn han. 20 Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.» 21 Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, fordi alt folket lova Gud for det som hadde hendt. 22 For den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet, var over førti år.
Bøn og samhald
23 Då dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt. 24 Då dei andre høyrde det, vende dei seg alle med ein og same hug i bøn til Gud og sa: «Herre, du som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er, 25 du tala ved Den heilage ande gjennom tenaren din, David, far vår, og lét han seia:
           Kvifor er folkeslag i opprør?
           Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
          
   
26  Kongane på jorda reiser seg,
           fyrstane slår seg saman
           mot Herren og den han har salva.
27 Ja, i denne byen slo dei seg sanneleg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva. Både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels folk – 28 alle har dei gjort det som du ved di hand og din vilje hadde fastsett. 29 Og no, Herre, hald auge med trugsmåla deira og lat tenarane dine tala ditt ord med frimod! 30 Rett ut di hand for å lækja og gjera teikn og under ved namnet til Jesus, din heilage tenar.»
   
31 Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den heilage ande og tala Guds ord med frimod.
   
32 Alle dei truande var eitt i hjarte og sinn, og ingen rekna det han eigde som sitt eige; dei hadde alt i lag. 33 Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var stått opp, og stor nåde var over dei alle. 34 Ingen av dei leid naud, for dei som eigde jord eller hus, selde det og kom med pengane 35 og la dei ved føtene til apostlane. Sidan fekk kvar einskild tildelt det han trong. 36 Josef, ein levitt frå Kypros, vart av apostlane kalla Barnabas, det tyder trøystarsonen. 37 Han eigde ein åker. Den selde han og kom med pengane og la dei ved føtene til apostlane.
Apg 4,1 viser til Luk 22,4-52, Apg 5,24, Apg 23,8
Note: sjefen for tempelvakta: sjefen for ei gruppe tenestemenn under Det høge rådet. I rang stod han berre under øvstepresten. ▶vaktstyrken. saddukearane: retning innanfor jødedomen som ikkje trudde på oppstoda.
Note: rådsherrane … skriftlærde: Medlemene i Det høge rådet var overprestar, eldste og skriftlærde. ▶Rådet, Det høge rådet.
Note: Annas, Kaifas, Johannes, Aleksander: Annas var øvsteprest i 6–15 e.Kr., svigersonen, Kaifas, i 18–36 e.Kr. Johannes og Aleksander er ukjende.
Apg 4,8 viser til Luk 12,11f
Apg 4,18 viser til Apg 5,28f
Apg 4,25 viser til Sal 2,1f
Apg 4,27 viser til Luk 23,6ff
Apg 4,36 viser til Apg 9,27
Note: levitt: ein underordna medhjelpar for prestane. ▶levittar.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»