Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Saka mot Paulus
24Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias dit saman med nokre av dei eldste og ein sakførar som heitte Tertullus. Dei skulle leggja skuldinga mot Paulus fram for landshovdingen.  2 Paulus vart henta, og Tertullus tok til med skuldinga:
        «Takka vere deg, vørde Feliks, er det ro og fred alle stader, og dette folket har fått betre kår på grunn av ditt kloke styre.
 3 I djup takksemd tek vi imot dette, alltid og alle stader.  4 Men for å ikkje hefta deg lenge bed eg om at du, velvillig som du er, vil høyra på oss ei lita stund.  5 Det har vist seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarearsekta.  6 Han har til og med freista å vanhelga tempelet, og det var der vi greip han. *Vi ville dømma han etter lova vår,  7 men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut av hendene våre og førte han bort.  8 Dei som klaga på han, fekk høyra at dei skulle gå til deg.• No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du greie på kva det er vi klagar han for.»  9 Jødane støtta han og sa at såleis var det.
Forsvarstalen til Paulus
10 Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa:
        «Eg veit at du har vore dommar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg.
11 Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem for å tilbe. 12 Og ingen har sett meg diskutera med nokon eller eggja opp folk, verken i tempelet eller i synagogane eller nokon annan stad i byen. 13 Dei kan heller ikkje prova det dei no klagar meg for. 14 Men det vedgår eg: Eg dyrkar våre fedrars Gud gjennom å følgja Vegen, som dei kallar ei sektlære. For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane, 15 og eg har den same von til Gud som desse har: at rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp frå dei døde. 16 Difor legg eg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske. 17 Etter mange år kom eg for å gje ei gåve til dei fattige i folket mitt og for å ofra. 18 Då var det dei fann meg i tempelet, der eg hadde late meg reinsa. Eg samla ikkje folk om meg og laga ikkje uro. 19 Men nokre jødar frå Asia såg meg, og det var dei som burde ha møtt fram for deg og kome med skuldingar, om dei hadde hatt nokon. 20 Eller så bør dei som står her, sjølve seia kva dei fann meg skuldig i då eg stod for Rådet. 21 Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet eg ropa ut då eg stod framfor dei: ‘Det er for oppstoda frå dei døde eg står for retten her i dag.’»
Saka blir utsett
22 Feliks hadde god kjennskap til Vegen. Han utsette saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.» 23 Så gav han offiseren påbod om at Paulus skulle haldast i mild varetekt, og at ingen av hans eigne måtte hindrast i å vera han til hjelp.
   
24 Nokre dagar seinare kom Feliks, i lag med Drusilla, kona si, som var jøde. Han sende bod etter Paulus og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus. 25 Men då han tala om rettferd og sjølvdisiplin og om dommen som skal koma, vart Feliks skremd og sa: «Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att.» 26 Feliks gjorde seg òg håp om å få pengar av Paulus. Difor sende han gong på gong bod etter han og samtala med han.
   
27 Så gjekk det to år, og Feliks fekk Porkius Festus til ettermann. Men Feliks ville gjerne vinna velvilje hos jødane og lét Paulus sitja i fengsel.
Apg 24,5 viser til Apg 17,6, Apg 28,22
Note: nasarearsekta: dei kristne.
Apg 24,6 viser til Apg 21,28ff
Note: Siste delen av v. 6, heile v. 7 og første delen av v. 8 manglar i dei eldste handskriftene.
Apg 24,17 viser til Rom 15,25f, 1 Kor 16,1, Gal 2,10
Note: ei gåve til dei fattige: >3,2.
Note: Vegen: >9,2.
Note: Drusilla: dotter til Herodes Agrippa, syster til Berenike og Agrippa 2. >25,13. ▶Herodes-slekta.
Apg 24,27 viser til Apg 25,9
Note: Porkius Festus: landshovding ca. 60–62 e.Kr.
Forrige kapittelNeste kapittel

29. juli 2021

Dagens Bibelord

Lukas 9,23–26

Les i nettbibelen

23Så sa han til alle: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og hver dag ta sitt kors opp og følge meg. 24For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal berge det. ... Vis hele teksten

23Så sa han til alle: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og hver dag ta sitt kors opp og følge meg. 24For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal berge det. 25Hva gagner det et menneske om det vinner hele verden, men mister seg selv og går til grunne? 26For den som skammer seg over meg og mine ord, ham skal også Menneskesønnen skamme seg over når han kommer i sin og sin Fars og de hellige englers herlighet.