Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Reisa til Roma
27Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga.  2 Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristarkos frå Tessalonika.  3 Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg.  4 Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot.  5 Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia.  6 Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.
   
 7 I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi sør, i le av Kreta ved Salmone-neset.  8 Det greidde vi så vidt å segla rundt og kom til ein stad som dei kallar «Gode hamner», ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.
   
 9 No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei 10 og sa: «Eg ser at vi kan koma til å mista ikkje berre skip og last, men livet med, om vi fer lenger.» 11 Men offiseren trudde meir på kapteinen og skipsreiaren enn på det Paulus sa. 12 Og sidan det var ei ulagleg hamn for vinteropplag, heldt dei fleste på at dei skulle segla ut derifrå og freista å nå Føniks og liggja der vinteren over. Denne hamna på Kreta vender mot sørvest og nordvest.
Stormen
13 Då det så tok til å blåsa litt frå sør, tenkte dei at dei kunne fullføra planen. Dei letta anker og segla nær land langs Kreta. 14 Men det var ikkje lenge før ein kvervelvind frå nordaust, Evrakýlon, som dei kallar han, kom kastande inne frå øya. 15 Skipet vart rive med. Det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva. 16 Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Kauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten. 17 Etter at dei hadde fått han om bord, tok dei i bruk naudutstyret og surra skipet med tau. No var dei redde at dei kunne driva av mot Syrtebankane. Difor senka dei råa, og slik fór dei vidare. 18 Men stormen rasa framleis, og dagen etter tok dei til å hiva lasta på sjøen. 19 Tredje dagen kasta dei med eigne hender skipsutstyret over bord. 20 På mange dagar hadde korkje sol eller stjerner vore å sjå, og då det harde uvêret heldt fram, var til slutt alt håp om berging ute.
   
21 No hadde dei ikkje fått mat i seg på lenge, og Paulus gjekk bort til dei og sa: «Gode menn, de skulle ha høyrt på meg og ikkje lagt ut frå Kreta, så hadde de vore sparte både for ulukka og tapet. 22 Men no bed eg dykk vera ved godt mot. Ikkje eitt liv skal gå tapt, berre skipet. 23 For i natt stod det framfor meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer og tener, 24 og han sa: ‘Ver ikkje redd, Paulus! Du skal stiga fram for keisaren. Og alle dei som er med deg på skipet, har Gud gjeve deg.’ 25 Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det kjem til å gå som det er sagt meg. 26 Vi kjem til å stranda på ei eller anna øy.»
   
27 Då vi hadde segla på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta. 28 Dei lodda og fann tjue famnar. Litt etter lodda dei att og fann femten famnar. 29 Då vart dei redde vi kunne bli knuste mot klippene. Difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ønskte berre at dagen måtte koma. 30 Sjømennene freista å rømma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen. 31 Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Blir ikkje desse mennene verande om bord, kan ikkje de bergast.» 32 Då kappa soldatane taua som heldt skipsbåten, og lét han driva av.
   
33 Medan dei venta på at det skulle gry av dag, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet. 34 Difor rår eg dykk til å ta mat til dykk. Det må til, skal de bli berga. Ingen av dykk skal mista så mykje som eit hårstrå på hovudet.» 35 Då han hadde sagt det, tok han eit brød, takka Gud framfor dei alle, braut det og tok til å eta. 36 No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat. 37 Vi var i alt 276 menneske om bord. 38 Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.
Skipet strandar
39 Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auge på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn. 40 Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samtidig løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot stranda med vinden. 41 Dei dreiv inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg ned i sanden og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av brenningane. 42 No ville soldatane drepa fangane, så ingen av dei skulle få symja bort og rømma. 43 Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti først og koma seg i land. 44 Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land.
Apg 27,2 viser til Apg 19,29+
Note: i le av: her: nord for øya.
Note: fastedagen: eit anna namn på soningsdagen, ca. 1. oktober. Jf. 3 Mos 16,29–31. ▶festar og høgtider.
Note: Syrtebankane: låg lengst sør i Middelhavet, utanfor kysten av Libya.
Note: Adriahavet: Namnet vart den gong brukt om heile den delen av Middelhavet som ligg mellom Hellas, Italia og Afrika.
Note: tjue … femten famnar: ca. 37 m og 28 m. ▶mål og vekt.
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.