Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Ei ny teneste i forsamlinga
6På denne tida, då talet på læresveinar stadig auka, tok dei gresktalande til å klaga på dei hebraisktalande fordi deira eigne enkjer vart sette til sides ved den daglege hjelpetenesta.  2 Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer Guds ord for å gjera teneste ved borda.  3 Vel no ut blant dykk, brør, sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva.  4 Sjølve skal vi halda oss til bøna og tenesta med Ordet.»  5 Dette framlegget vart godt motteke av heile forsamlinga. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokoros, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.  6 Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.
   
 7 Guds ord breidde seg ut, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Ein stor flokk av prestane vart òg lydige mot trua.
Stefanus
 8 Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket.  9 Då stod det fram nokre frå den synagogen som vart kalla «Synagogen for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar». Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus. 10 Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som han tala med. 11 Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han seia spottande ord mot Moses og Gud.» 12 På den måten eggja dei opp folket og dei eldste og dei skriftlærde. Og dei gjekk mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet. 13 Der førte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot denne heilage staden og mot lova. 14 Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane som vi har fått overleverte frå Moses.» 15 Då feste dei auga på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.
Note: Stefanus: Jf. 6,1–8,2; 11,19; 22,20. Filip: Jf. 8,4–40; 21,8. proselytt: >2,11. Antiokia: hovudstaden i provinsen Syria. Byen vart eit viktig sentrum for dei første kristne og utgangspunkt for den vidare utbreiinga evangeliet fekk. Jf. 11,19–30; 13,1–3; 14,24–28; 15,22–35.
Apg 6,6 viser til Apg 13,3
Apg 6,7 viser til Apg 2,41+, Apg 12,24, Apg 19,20
Note: prestane: prestane i tempelet.
Apg 6,8 viser til Apg 5,12
Note: synagogen: samlingsstaden til jødane. frigjevne: tidlegare slavar og krigsfangar frå Nord-Afrika.
Apg 6,13 viser til Jer 26,11
Note: denne heilage staden: tempelet. ▶Guds bustad.
Apg 6,14 viser til Matt 26,59ff
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.