Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Møtet i Jerusalem
15Så kom det nokre ned frå Judea og tok til å undervisa brørne: «Dersom de ikkje følgjer skikken frå Moses og lèt dykk omskjera, kan de ikkje bli frelste.»  2 Paulus og Barnabas kom i strid med dei, og det vart eit hardt ordskifte. Då vart det vedteke at Paulus og Barnabas og nokre av dei andre skulle fara opp til Jerusalem og leggja spørsmålet fram for apostlane og dei eldste.
   
 3 Forsamlinga sende dei av stad, og dei drog gjennom Fønikia og Samaria. Til stor glede for alle dei syskena som var der, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt om.
   
 4 Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei mottekne av forsamlinga, apostlane og dei eldste, og dei fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei.  5 Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde kome til trua, og sa: «Dei må omskjerast og påleggjast å halda Moselova.»  6 Apostlane og dei eldste kom då saman for å drøfta denne saka.  7 Det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut meg mellom dykk; han ville at heidningane skulle få høyra evangelieordet av min munn og koma til tru.  8 Og Gud, som kjenner alle hjarte, vitna for dei då dei fekk Den heilage ande liksom vi.  9 Han gjorde ingen forskjell på oss og dei, for ved trua reinsa han hjarta deira. 10 Kvifor vil de då utfordra Gud og leggja på nakken til læresveinane eit åk som verken fedrane våre eller vi var i stand til å bera? 11 Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi blir frelste, vi liksom dei.» 12 Då vart heile flokken stille, og dei høyrde Barnabas og Paulus fortelja om alle dei teikn og under som Gud gjennom dei hadde gjort blant heidningane.
   
13 Då dei var ferdige med å tala, tok Jakob til orde og sa: «Brør, høyr på meg! 14 Simeon har gjort det klårt korleis Gud frå først av sørgde for å vinna seg eit folk av heidningar for sitt namn. 15 Og dette er i samsvar med det profetane har sagt, som skrive står:
          
   
16  Sidan vil eg koma att
           og gjenreisa Davids falne hytte.
           Det nedrivne byggjer eg opp;
           eg reiser det på nytt,
          
   
17  så dei andre menneska kan søkja Herren,
           alle folkeslaga som namnet mitt er nemnt over.
           Så seier Herren, som gjer dette
          
   
18  kjent frå æve av.
19 Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud. 20 Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er smitta av avgudsdyrking, og frå hor, frå kjøt av kvelte dyr og frå blod. 21 For Moses har frå gammalt av hatt nokon som forkynner han i alle byar; kvar sabbat blir han opplesen i synagogane.»
   
22 Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile forsamlinga, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas, begge leiarar mellom brørne. 23 Dei fekk med seg dette brevet:
        «Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar dei syskena som er av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia.
24 Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville og urolege med orda sine. Frå oss har dei inga fullmakt. 25 Difor vart vi samde om å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus, 26 menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn. 27 Så sender vi Judas og Silas. Dei skal munnleg bera fram det same. 28 For Den heilage ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk noka anna bør enn dette som er nødvendig: 29 at de held dykk frå kjøt ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel!»
   
30 Utsendingane drog ned til Antiokia. Der samla dei alle og gav dei brevet. 31 Dei las det opp og vart glade for den trøysta det gav. 32 Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala lenge til syskena der og sette mot i dei og styrkte dei. 33 Då dei hadde vore der ei tid, lét syskena dei fara heim att til dei som hadde sendt dei, med ønske om fred. 34 *Men Silas ville vera att.• 35 Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og underviste og forkynte Herrens ord saman med mange andre.
PAULUS PÅ ANDRE MISJONSREISA (15,36–18,22)
Paulus og Barnabas skil lag
36     Etter ei tid sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja våre sysken i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.» 37 Barnabas ville òg ta med Johannes, han som dei kalla Markus. 38 Men Paulus fann det ikkje rett å ta han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde følgt dei i arbeidet deira. 39 Det vart ein så bitter strid mellom dei at dei skilde lag. Barnabas tok Markus med seg og segla til Kypros. 40 Men Paulus valde å ta med Silas, og då brørne hadde gjeve han over til Herrens nåde, drog han av stad. 41 Han la vegen gjennom Syria og Kilikia og styrkte forsamlingane der.
Apg 15,2 viser til Gal 2,1ff
Apg 15,7 viser til Apg 10,1ff
Apg 15,8 viser til Apg 10,44f
Apg 15,16 viser til Am 9,11f
Apg 15,20 viser til 1 Mos 9,4, 3 Mos 17,10ff, 1 Kor 10,7ff
Note: kjøt av kvelte dyr: kjøt av dyr som ikkje er slakta på rett rituell vis. Presisering av forbodet mot å eta blod, jf. 3 Mos 17,10–16.
Note: Silas: nær medarbeidar til Paulus, truleg den same som Silvanus (lat. namneform) i 2 Kor 1,19; 1 Tess 1,1; 2 Tess 1,1; 1 Pet 5,12. ▶Paulus' medarbeidarar.
Apg 15,28 viser til Apg 5,32+
Note: Verset manglar i dei eldste handskriftene.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. september 2021

Dagens Bibelord

Salmene 30,1–5

Les i nettbibelen

1En salme. En sang til innvielsen av tempelet. Av David. 2Jeg opphøyer deg, Herre, for du dro meg opp, du lot ikke fienden fryde seg over meg. 3Herre, min Gud, jeg ropte til deg, og du helbredet meg. ... Vis hele teksten

1En salme. En sang til innvielsen av tempelet. Av David. 2Jeg opphøyer deg, Herre, for du dro meg opp, du lot ikke fienden fryde seg over meg. 3Herre, min Gud, jeg ropte til deg, og du helbredet meg. 4Herre, du førte min sjel opp fra dødsriket, du ga meg liv på nytt da jeg var i graven. 5Spill for Herren, dere hans trofaste, pris hans hellige navn!