Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Peter lækjer og forkynner
3Peter og Johannes gjekk ein dag opp til tempelet, til ettermiddagsbøna ved den niande timen.  2 Då kom det nokre berande på ein mann som hadde vore lam heilt frå mors liv. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som heiter Den fagre, så han kunne tigga om gåver frå dei som gjekk inn på tempelplassen.  3 Då han fekk auge på Peter og Johannes som var på veg inn, bad han dei òg om ei gåve.  4 Dei såg fast på han, og Peter sa: «Sjå på oss!»  5 Han så gjorde, for han venta å få noko av dei.  6 Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje, men det eg har, det gjev eg deg. I namnet til Jesus Kristus, nasarearen: Stå opp og gå!»  7 Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og anklane.  8 Han sprang opp, stod på føtene og tok til å gå omkring. Så følgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han, og snart sprang han, alt medan han song og lova Gud.  9 Alt folket såg korleis han gjekk omkring og lovprisa Gud. 10 Og dei kjende han att: Det var han som brukte å sitja ved Fagerporten og tigga om gåver. Dei vart ute av seg og fylte av ærefrykt over det som hadde hendt med han.
   
11 Mannen heldt seg nær til Peter og Johannes, og alt folket flokka seg omkring dei i Salomos søylehall, fulle av undring. 12 Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:
        «Israelittar! Kvifor undrast de over dette? Kvifor stirer de på oss som om det var vår eiga kraft eller gudsfrykt som gjorde at denne mannen kan gå?
13 Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har herleggjort tenaren sin, Jesus. De utleverte han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri. 14 De fornekta Den heilage og rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven. 15 Men opphavsmannen til livet drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om. 16 Ved trua på Jesu namn har dette hendt, for det namnet har styrkt denne mannen som de både ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gjorde mannen heil og frisk, som de alle kan sjå. 17 Eg veit nok, brør, at de gjorde dette fordi de var uvitande, slik rådsherrane dykkar er. 18 Men slik oppfylte Gud det han på førehand hadde forkynt gjennom alle profetane, at hans Messias skulle lida. 19 Angra difor og vend om, så syndene dykkar kan strykast ut. 20 Då skal det koma tider med lindring frå Herren, og han skal senda den Messias som er bestemt for dykk, Jesus. 21 Han må vera i himmelen til den tid kjem då alt det skal gjenreisast som Gud har tala om frå eldgamle dagar ved munnen til sine heilage profetar. 22 Moses har sagt: ‘ Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk. 23  Kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal ryddast ut frå folket. 24 Ja, alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar. 25 De er born av profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: ‘ I di ætt skal alle slekter på jorda velsignast. 26 Det var for dykk at Gud først lét tenaren sin stå fram, og han sende han for å velsigna dykk når kvar og ein vender om frå vondskapen sin.»
Apg 3,1 viser til Apg 10,3-9
Note: ettermiddagsbøna: «bøna ved den niande timen», ca. kl. 15. ▶tidsrekning.
Apg 3,2 viser til Apg 14,8ff
Note: tempelporten … Den fagre: fører frå tempelplassen inn til føregarden for kvinnene. gåver: Gåver til dei fattige hadde ein viktig plass i jødisk gudsdyrking. Jf. Matt 6,2.
Apg 3,6 viser til Matt 9,6f, Joh 5,8, Apg 9,34, Apg 14,10
Note: nasarearen: Jf. Matt 2,23; Apg 24,5.
Apg 3,10 viser til Joh 9,8
Apg 3,11 viser til Joh 10,23, Apg 5,12
Note: Salomos søylehall: den austre søylegangen på tempelplassen. ▶Guds bustad.
Apg 3,19 viser til Apg 2,38+
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.