Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

I Makedonia og Hellas
20Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut for å dra til Makedonia.  2 På reisa gjennom desse bygdene tala han mykje og sette mot i dei òg. Han kom til Hellas,  3 og der vart han verande i tre månader. Då han skulle segla derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han. Difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia.  4 Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrros, Aristarkos og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe, Timoteus, og frå Asia Tykikos og Trofimos.  5 Desse fór føre og venta på oss i Troas.  6 Vi andre segla ut frå Filippi straks etter høgtida med usyra brød, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der vart vi verande ei veke.
Avskil i Troas
 7 Første dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter.  8 Det var mange lamper i den salen ovanpå der vi var samla.  9 Ein ung gut som heitte Evtykos, sat i vindauget. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup søvn og datt ut gjennom vindauget frå tredje høgda. Han var død då dei tok han opp. 10 Men Paulus gjekk ned, bøygde seg over han, slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.» 11 Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det lysna. Då drog han av stad. 12 Dei leidde guten heim i live, og det var til useieleg trøyst for dei.
Avskilstalen til dei eldste frå Efesos
13 Vi gjekk i førevegen om bord i skipet og segla til Assos. Paulus hadde sagt frå at vi skulle ta han med der, for sjølv ville han gå til fots. 14 Då han møtte oss i Assos, tok vi han om bord og fór så til Mityléne. 15 Dagen etter segla vi derifrå og kom på høgd med Kios. Andre dagen heldt vi fram til Samos, og dagen deretter nådde vi Miletos. 16 For Paulus hadde sett seg føre å segla utanom Efesos, så han ikkje skulle bli hefta i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.
   
17 Frå Miletos sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i forsamlinga. 18 Og då dei kom, tala han til dei:
        «De veit korleis eg har levd all den tid eg har vore saman med dykk, frå den første dagen eg sette foten i Asia.
19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk, men eg har forkynt for dykk og undervist dykk både ute blant folket og i heimane. 21 Eg har vitna for både jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus. 22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23 Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging. 24 Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå andletet mitt, alle de som eg har vore saman med og forkynt Riket for. 26 Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er utan skuld om nokon taper sitt liv, 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds plan og vilje.
   
28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod. 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med falsk lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, med tårer i auga, ikkje heldt opp med å rettleia kvar einaste ein.
   
32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som har kraft til å byggja opp og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trakta etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at desse hendene har sørgt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»
   
36 Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. 37 Då brast dei alle i gråt, og dei fall Paulus om halsen og kyste han. 38 Det som gav dei mest sorg, var det han hadde sagt om at dei aldri meir skulle sjå han att. Så følgde dei han til skipet.
Apg 20,4 viser til Apg 19,29, Ef 6,21+, 1 Tim 1,2+
Note: Aristarkos: var med Paulus ved fleire høve. Jf. 19,29; 27,2. Gaius: kan vera den same som i 19,29. Timoteus: >16,1. Tykikos: var ein nær medarbeidar av Paulus. Jf. Ef 6,21; Kol 4,7; 2 Tim 4,12; Tit 3,12. Trofimos: var ein heidningkristen frå Efesos som var med på Paulus' siste reise til Jerusalem. Jf. 21,29; 2 Tim 4,20.
Note: høgtida med usyra brød: >12,3.
Apg 20,7 viser til Matt 28,1, Apg 2,42-46, 1 Kor 16,2, Op 1,10
Note: bryta brødet: >2,42.
Apg 20,26 viser til Apg 18,6
Note: utan skuld: viser til ansvaret for å åtvara mot gudløyse. Jf. Esek 33,1–9.
Apg 20,28 viser til Luk 22,32, Joh 21,15f, Ef 4,11, 1 Pet 5,2
Note: Guds forsamling: Mange gamle handskrifter har «Herrens forsamling». vann … blod: Jf. Ef 5,25; 1 Pet 1,18.
Apg 20,31 viser til Apg 19,8ff
Apg 20,34 viser til Apg 18,3+
Apg 20,35 viser til Rom 15,1f
Forrige kapittelNeste kapittel

20. september 2021

Dagens Bibelord

Salmene 30,1–5

Les i nettbibelen

1En salme. En sang til innvielsen av tempelet. Av David. 2Jeg opphøyer deg, Herre, for du dro meg opp, du lot ikke fienden fryde seg over meg. 3Herre, min Gud, jeg ropte til deg, og du helbredet meg. ... Vis hele teksten

1En salme. En sang til innvielsen av tempelet. Av David. 2Jeg opphøyer deg, Herre, for du dro meg opp, du lot ikke fienden fryde seg over meg. 3Herre, min Gud, jeg ropte til deg, og du helbredet meg. 4Herre, du førte min sjel opp fra dødsriket, du ga meg liv på nytt da jeg var i graven. 5Spill for Herren, dere hans trofaste, pris hans hellige navn!