Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Sølvbegeret i sekken
44Sidan sa Josef til styraren for huset sitt: «Fyll sekkene til desse mennene med korn, så mykje dei orkar å bera, og legg pengane til kvar av dei øvst i sekken!  2 Legg så begeret mitt, sølvbegeret, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa.  3 Då det vart lyst neste morgon, vart dei sende av stad med esla sine.
   
 4 Dei drog ut frå byen, men var ikkje komne langt før Josef sa til styraren: «Set etter mennene! Når du tek dei att, skal du seia: Kvifor løner de godt med vondt?  5 Er ikkje dette det begeret som herren min drikk av, og som han spår i? Det er vondt, det de har gjort!»  6 Han tok dei att og sa dette til dei.  7 Men dei svara han: «Kvifor seier herren vår dette? Det kunne ikkje falla tenarane dine inn å gjera noko slikt!  8 Sjå, pengane vi fann øvst i sekkene våre, tok vi med oss tilbake til deg frå Kanaan. Kvifor skulle vi stela sølv eller gull frå huset til herren din?  9 Den av tenarane dine som begeret blir funne hos, skal døy, og vi andre skal vera slavar for herren vår.» 10 Han svara: «Det skal bli som de seier denne gongen òg. Den som begeret blir funne hos, skal vera slaven min, de andre skal vera utan skuld.» 11 Så skunda dei seg og lyfte kvar sin sekk ned på jorda og opna dei. 12 Han undersøkte dei, byrja hos den eldste og enda hos den yngste. Og begeret vart funne i sekken til Benjamin. 13 Då reiv dei sund kleda sine, leste på kvart sitt esel og drog tilbake til byen.
   
14 Då Juda og brørne hans kom inn i huset til Josef, var Josef der enno. Og dei kasta seg til jorda for han. 15 Josef sa til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at ein mann som eg kan spå?» 16 «Kva skal vi svara, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia? Korleis kan vi visa at vi er skuldlause? Gud har funne skuld hos tenarane dine. No er vi slavane dine, herre, både vi og han begeret vart funne hos.» 17 Men Josef sa: «Det kunne ikkje falla meg inn å gjera slikt! Mannen som hadde begeret, skal vera slaven min. De andre kan dra opp til far dykkar.»
   
18 Då gjekk Juda bort til han og sa: «Orsak, herre. Høyr kva tenaren din har å seia, og bli ikkje sint på tenaren din, du er då sjølv lik farao. 19 Herren min spurde tenarane sine: Har de nokon far eller bror? 20 Og vi svara: Vi har ein gammal far, og han fekk ein gut på sine gamle dagar. Bror til guten er død, og han er åleine att etter mor si. Far hans elskar han. 21 Då sa du til tenarane dine: Kom ned til meg med han så eg kan sjå han med eigne auge! 22 Men vi svara herren vår: Guten kan ikkje gå frå far sin; gjer han det, døyr faren. 23 Men du sa til tenarane dine: Kjem ikkje yngste bror dykkar hit saman med dykk, skal de ikkje få tre fram for meg. 24 Då vi så kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre. 25 Han sa: Dra av stad att og kjøp litt mat til oss. 26 Vi svara: Vi kan ikkje dra ned utan at den yngste bror vår er med. Dreg vi utan bror vår, får vi ikkje sjå mannen. 27 Då sa far vår, tenaren din, til oss: De veit at kona mi fødde meg to søner. 28 Den eine vart borte for meg. Eg sa at han sikkert var riven i hel, og eg har ikkje sett han sidan. 29 Om de òg tek denne frå meg og det skulle skje ei ulukke med han, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket. 30 Kjem eg no til far min, tenaren din, utan guten som han med heile si sjel er så knytt til, 31 då døyr han når han ser at guten ikkje er med oss. Tenarane dine kjem til å senda far vår, tenaren din, gråhåra og sorgtung ned i dødsriket. 32 For eg, tenaren din, svara for ungguten framfor far vår og sa: Kjem eg ikkje att til deg med han, er eg skuldig for far min heile mitt liv. 33 Lat no tenaren din vera att som slave for herren min i staden for guten. Så kan han dra opp saman med brørne sine. 34 For korleis skulle eg kunna dra opp til far min utan guten og sjå den sorga som då ville koma over han?»
Note: I ▶Septuaginta byrjar dette verset med setninga: «Kvifor har de stole sølvbegeret mitt?»
Forrige kapittelNeste kapittel

07. desember 2021

Dagens bibelord

Jesaja 40,1–5

Les i nettbibelen

1Trøyst, trøyst mitt folk, seier dykkar Gud. 2Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle sine synder. ... Vis hele teksten

1Trøyst, trøyst mitt folk, seier dykkar Gud. 2Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle sine synder. 3Ei røyst ropar: Rydd Herrens veg i ørkenen, jamn ut i øydemarka ein veg for vår Gud! 4Kvar dal skal hevast, kvart fjell og kvar haug skal senkast. Bakkete land skal bli til slette og kollane til flat mark. 5Herrens herlegdom skal openberra seg, alle menneske skal saman sjå det. For Herrens munn har tala.