Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Juda og Tamar
38På den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hos ein mann i Adullam som heitte Hira.  2 Der fekk han sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og gjekk inn til henne.  3 Ho vart med barn og fødde ein son. Han kalla han Er.  4 Så vart ho med barn att og fødde ein son. Ho kalla han Onan.  5 Sidan fekk ho endå ein son. Ho kalla han Sjela. Då han vart fødd, var Juda i Kesib.
   
 6 Juda tok ei kone til Er, den førstefødde sonen sin. Ho heitte Tamar.  7 Men Er, Judas førstefødde, var vond i Herrens auge, og Herren tok livet hans.  8 Då sa Juda til Onan: «Gå inn til kona åt bror din og gjer di plikt som svoger, så du kan skaffa bror din etterkomarar.»  9 Men Onan visste at etterkomarane ikkje kom til å bli hans. Når han gjekk inn til kona åt bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så han ikkje skulle gje broren etterkomarar. 10 Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens auge, og han tok livet hans òg. 11 Då sa Juda til Tamar, svigerdotter si: «Du må sitja som enkje i huset til far din heilt til Sjela, son min, blir vaksen.» For han tenkte: «Berre ikkje han òg døyr slik som brørne sine.» Så drog Tamar heim og budde i huset til far sin.
   
12 Lang tid gjekk. Så døydde dotter til Sjua, kona til Juda. Då sørgjetida var over, gjekk Juda opp til saueklipparane i Timna saman med venen sin, Hira frå Adullam. 13 Tamar fekk vita at svigerfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klippa sauene sine. 14 Då la ho av seg enkjekleda og dekte seg med eit slør som ho sveipte om seg. Så sette ho seg ved inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho hadde sett at Sjela var vaksen, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.
   
15 Då Juda fekk sjå henne, tenkte han at ho var ei prostituert, for ho hadde sveipt til andletet. 16 Han gjekk bort til henne i vegkanten og sa: «Kom, lat meg få gå inn til deg!» For han visste ikkje at ho var svigerdotter hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får koma inn til meg?» 17 Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av småfeet mitt.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!» 18 «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglet ditt og snora, og staven du har i handa.» Han gav henne det. Så fekk han koma inn til henne, og ho vart med barn. 19 Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjekleda.
   
20 Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam for å få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje. 21 Han spurde folket på staden: «Kvar er den tempelprostituerte kvinna i Enajim, ho som sat i vegkanten?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka prostituert kvinne her.» 22 Han gjekk tilbake til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, dessutan sa folket på staden at det ikkje hadde vore noka tempelprostituert kvinne der.» 23 Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette. Sjå, eg sende henne dette kjeet, men du fann henne ikkje.»
   
24 Tre månader seinare vart det sagt til Juda: «Tamar, svigerdotter di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!» 25 Men då ho vart ført ut, sende ho bod til svigerfar sin: «Eg er med barn med den mannen som eig alt dette. Sjå etter kven det er som eig dette seglet, snorene og staven!» 26 Juda kjende dei att og sa: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje gjeve henne til Sjela, son min.» Sidan hadde han ikkje omgang med henne.
   
27 Då tida kom og ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i morslivet hennar. 28 Idet ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein skarlakraud tråd og batt kring handa og sa: «Han kom først.» 29 Men så drog han handa tilbake, og bror hans kom ut. Då sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres. 30 Sidan kom broren, han som hadde den skarlakraude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. januar 2022

Dagens bibelord

Matteus 20,29–34

Les i nettbibelen

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» ... Vis hele teksten

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 31Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 32Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» 33«Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei. 34Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.