Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Vondskapen aukar på jorda
6No tok menneska til å bli mange på jorda, og dei hadde fått døtrer.  2 Då såg gudesønene at menneskedøtrene var vakre, og dei tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.  3 Herren sa: «Min ande skal ikkje for alltid bli verande i menneska, for dei er av kjøt og blod. Levetida deira skal vera 120 år.»
   
 4 Det var kjemper på jorda i dei dagane, og sidan òg. For gudesønene gjekk inn til menneskedøtrene, som fødde dei born. Dette er dei mektige frå eldgammal tid, dei namngjetne.
   
 5 Herren såg at vondskapen til menneska var stor på jorda, for alt dei ville og planla i hjartet, var vondt, dagen lang.  6 Då angra Herren at han hadde laga menneske på jorda, og han var full av sorg i hjartet.  7 Og Herren sa: «Eg vil utrydda menneska som eg har skapt, frå jorda, alt frå menneska til feet, krypdyra og fuglane under himmelen. For eg angrar at eg har laga dei.»  8 Men Noah fann nåde for Herrens auge.
Noahs ark
 9 Dette er slektshistoria til Noah. Noah var ein rettferdig mann, ein heiderleg mann i si tid. Noah vandra med Gud. 10 Han fekk tre søner: Sem, Ham og Jafet. 11 Men jorda vart forderva for Guds andlet. Ho vart full av vald. 12 Gud såg på jorda, og sjå, ho hadde vorte forderva, for alt det som menneska hadde gjort på jorda, førte til øydelegging.
   
13 Då sa Gud til Noah: «Eg vil gjera ende på alt kjøt og blod. For jorda har vorte full av vald på grunn av dei, og sjå, eg vil øydeleggja dei saman med jorda. 14 Lag deg ei ark av gofertre. Du skal laga fleire små rom i arka og tjørebre henne innvendig og utvendig. 15 Slik skal du byggja arka: Ho skal vera 300 alner lang, 50 alner brei og 30 alner høg. 16 Du skal laga ei opning for dagslyset og avslutta opninga ei alen frå toppen av arka. Du skal setja døra til arka på den eine sida og så laga eit nedre, eit andre og eit tredje dekk. 17 No vil eg la storflaumen koma over jorda og utrydda alt kjøt og blod, alt som det er livsande i under himmelen. Alt som er på jorda, skal omkoma. 18 Men med deg vil eg oppretta ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og svigerdøtrene med deg. 19 Av alt levande, alt kjøt og blod, skal du føra to av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal dei vera. 20 Av alle slag fuglar og alt slag fe og alle slag kryp på marka skal to av kvart slag koma inn til deg, så dei kan berga livet. 21 Du skal ta noko av alt som er etande, og samla det hos deg. Det skal du og dei andre ha å eta.» 22 Og Noah gjorde dette. Han gjorde alt det som Gud hadde pålagt han.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. januar 2022

Dagens bibelord

Matteus 20,29–34

Les i nettbibelen

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» ... Vis hele teksten

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 31Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 32Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» 33«Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei. 34Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.