Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Isak og Rebekka i Gerar
26Det vart hungersnaud i landet, ei anna enn den første hungersnauda, den som var på Abrahams tid. Då drog Isak til Gerar, til filistarkongen Abimelek.  2 Herren synte seg for han og sa: «Dra ikkje ned til Egypt, men hald deg i det landet som eg gjev deg bod om!  3 Slå deg til her i landet, så vil eg vera med deg og velsigna deg! For til deg og til di ætt vil eg gje alle desse landa. Eg skal oppfylla den eiden eg svor Abraham, far din.  4 Eg skal gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen. Alle desse landa skal eg gje til ætta di. Og ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg,  5 fordi Abraham høyrde på meg og heldt seg til det eg har fastsett, mine bod, forskrifter og lover.»  6 Så vart Isak buande i Gerar.
   
 7 Då mennene på staden spurde han ut om kona hans, sa han: «Ho er syster mi.» Han torde ikkje seia «kona mi», fordi han var redd dei skulle slå han i hel på grunn av Rebekka. For ho var overlag vakker.  8 Då han hadde vore der ei tid, hende det at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjennom vindauga og fekk sjå at Isak kjærteikna Rebekka, kona si.  9 Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne mista livet på grunn av henne.» 10 Då sa Abimelek: «Kva har du gjort mot oss? Ein eller annan av folket kunne fort ha lege med kona di og ført skuld over oss!» 11 Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.»
   
12 Isak sådde korn der i landet, og det året fekk han hundre gonger det han hadde sådd. Herren velsigna han 13 så han vart rik. Han vart meir og meir velståande, og til slutt var han svært rik. 14 Han eigde småfe og storfe og så mange slavar at filistrane vart misunnelege på han. 15 Alle brønnane som slavane til far hans hadde grave medan Abraham levde, tetta filistrane og fylte med jord. 16 Då sa Abimelek til Isak: «Dra bort frå oss! Du har vorte altfor mektig for oss.» 17 Så flytte Isak derifrå og slo leir i Gerar-dalen. Der vart han buande.
   
18 Sidan drog Isak tilbake og grov opp att brønnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistrane hadde fylt att etter at Abraham var død. Han gav dei same namna som far hans hadde gjeve dei. 19 Då slavane til Isak heldt på å grava i dalen, fann dei ei kjelde med rennande vatn. 20 Men gjetarane frå Gerar tretta med gjetarane til Isak og sa: «Vatnet er vårt!» Han kalla brønnen Esek fordi dei tretta med han. 21 Sidan grov dei ein brønn til, men det vart strid om den òg, så den kalla han Sitna. 22 Så drog han derifrå og grov endå ein brønn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: «No har Herren gjeve oss nok rom, så vi kan vera fruktbare i landet.»
Pakta med Abimelek
23 Derifrå drog Isak opp til Beer-Sjeba. 24 Same natta synte Herren seg for han og sa:
          «Eg er Gud til Abraham, far din.
          Ver ikkje redd, for eg er med deg!
          Eg vil velsigna deg
          og gjera ætta di talrik
          for Abraham, min tenar, skuld.»
25 Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han slo òg opp teltet sitt der, og slavane grov ein brønn.
   
26 Abimelek kom til han frå Gerar saman med Ahussat, venen sin, og Pikol, hærføraren. 27 Då sa Isak til dei: «Kvifor kjem de til meg, de som hatar meg og har sendt meg bort frå dykk?» 28 Dei svara: «Vi har sett at Herren er med deg, og vi har tenkt at det burde vera ein gjensidig eid mellom oss og deg! Vi vil gjera ei pakt med deg. 29 Du skal ikkje gjera oss noko vondt, liksom vi heller ikkje rørte deg, men berre gjorde godt mot deg og sende deg bort i fred. For no er du velsigna av Herren.» 30 Så heldt han eit festmåltid for dei, og dei åt og drakk. 31 Morgonen etter stod dei tidleg opp og svor kvarandre ein eid. Så tok Isak farvel med dei, og dei drog bort i fred. 32 Same dagen kom slavane og fortalde Isak om brønnen dei hadde grave. «Vi har funne vatn!» sa dei. 33 Han kalla brønnen Sjiba. Difor heiter byen Beer-Sjeba den dag i dag.
   
34 Då Esau var førti år gammal, tok han Judit, dotter til hetitten Beeri, og Basmat, dotter til hetitten Elon, til koner. 35 Dei vart til sorg for Isak og Rebekka.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. januar 2022

Dagens bibelord

Matteus 20,29–34

Les i nettbibelen

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» ... Vis hele teksten

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 31Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 32Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» 33«Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei. 34Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.