Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Gud kallar og velsignar Abram
12Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg!  2 Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.
          
   
 3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
          men den som forbannar deg, skal eg forbanna.
          I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»
 4 Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran.  5 Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alle eigedelane dei hadde samla seg, og folka dei hadde skaffa seg i Harran. Dei braut opp for å dra til landet Kanaan.
        Då dei kom til Kanaan,
 6 drog Abram gjennom landet heilt til den heilage staden Sikem, til More-eika. Den gongen budde kanaanearane i landet.  7 Herren synte seg for Abram og sa: «Eg vil gje dette landet til di ætt.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han.  8 Derifrå flytte han opp i fjellandet aust for Betel og slo opp teltet sitt mellom Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn.  9 Sidan braut Abram opp og drog frå stad til stad mot Negev.
Abram og Sarai i Egypt
10 Det var hungersnaud i landet. Då drog Abram ned til Egypt for å bu der som innflyttar, for nauda var stor i landet. 11 Då han nærma seg Egypt, sa han til kona si, Sarai: «Høyr på meg: Eg veit at du er ei vakker kvinne. 12 Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans. Så slår dei meg i hel og lèt deg leva. 13 Kan du ikkje seia at du er syster mi? Så går det meg godt for di skuld, og eg får leva takka vere deg!»
   
14 Då Abram kom til Egypt, såg egyptarane at kvinna var overlag vakker. 15 Og stormennene til farao fekk sjå henne og lét vel om henne for han. Så vart kvinna henta til faraos hus. 16 Og farao gjorde godt mot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, slavar og slavekvinner, eselhopper og kamelar.
   
17 Men Herren lét svære plager råka farao og huset hans på grunn av Sarai, kona til Abram. 18 Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort mot meg? Kvifor fortalde du meg ikkje at ho er kona di? 19 Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og gå!» 20 Farao sette nokre menn til å senda han bort saman med kona hans og alt han eigde.
Note: den heilage staden Sikem: Sikem vart sidan eit viktig religiøst og politisk sentrum i Israel. Jf. Jos 24,1ff; 1 Kong 12,25. More-eika: eller «Orakeleika», truleg ein stad der det vart formidla guddomleg bodskap gjennom orakel. Jf. Dom 9,37.
Note: Betel, Ai: stader som ligg ca. 15 km nord for Jerusalem.
Note: Negev: området sør for Juda, for ein stor del øydemark.
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.