Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Jakob dreg til Egypt
46Så braut Israel opp med alt det han hadde. Då han kom til Beer-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud til Isak, far hans.  2 Gud tala til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Her er eg.»  3 Så sa han: «Eg er Gud, Gud til far din. Ver ikkje redd for å dra ned til Egypt, for eg vil gjera deg til eit stort folk der.  4 Eg går med deg ned til Egypt, men eg skal føra deg opp att òg. Og handa til Josef skal lukka auga dine.»
   
 5 Så reiste Jakob frå Beer-Sjeba. Israels-sønene lyfte Jakob, far sin, kvinnene og borna opp i vognene som farao hadde sendt for å henta han.  6 Dei tok med seg buskapen og alle eigedelane dei hadde samla seg i Kanaan. Så kom Jakob og heile ætta hans med han til Egypt.  7 Han hadde med seg heile ætta si til Egypt, sønene og sonesønene, døtrene og sonedøtrene.
   
 8 Dette er namna på israelittane som kom til Egypt, Jakob og etterkomarane hans: Ruben, den førstefødde sonen til Jakob  9 og sønene hans: Henok, Pallu, Hesron og Karmi; 10 sønene til Simon: Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, son til ei kvinne frå Kanaan; 11 sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari; 12 sønene til Juda: Er, Onan, Sjela, Peres og Serah – Er og Onan døydde i Kanaan; Peres hadde sønene Hesron og Hamul; 13 sønene til Jissakar: Tola, Puvva, Job og Sjimron; 14 sønene til Sebulon: Sered, Elon og Jahleel. 15 Dette var sønene til Lea, som ho fødde Jakob i Paddan-Aram. I tillegg fekk ho dottera Dina. I alt var det trettitre søner og døtrer.
   
16 Sønene til Gad: Sifjon, Haggi, Sjuni, Esbon, Eri, Arodi og Areli; 17 sønene til Asjer: Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, dessutan Serah, syster deira. Beria hadde sønene Heber og Malkiel. 18 Dette var borna til Silpa, som Laban gav Lea, dotter si. Desse fødde ho Jakob, seksten i talet.
   
19 Sønene til Rakel, kona til Jakob, var Josef og Benjamin. 20 Josef fekk born i Egypt. Asenat, dotter til presten i On, Potifera, fødde han Manasse og Efraim. 21 Sønene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Naaman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard. 22 Dette var sønene til Rakel, som ho fødde Jakob, fjorten i talet.
   
23 Son til Dan: Husjim; 24 sønene til Naftali: Jahseel, Guni, Jeser og Sjillem. 25 Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Desse fødde ho Jakob, sju i talet.
   
26 Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frå han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans. 27 Josef hadde to søner som vart fødde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet.
   
28 Jakob sende Juda føre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen. 29 Josef spente for vogna og drog opp for å møta Israel, far sin, i Gosen. Då han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han og gret lenge på skuldra hans. 30 Så sa Israel til Josef: «No kan eg døy, for no har eg sett andletet ditt og veit at du enno lever!»
   
31 Josef sa til brørne sine og dei andre i familien: Eg vil dra opp og fortelja dette til farao. Eg vil seia at brørne mine og familien min, som var i Kanaan, har kome til meg. 32 Mennene er gjetarar og lever av buskapen sin. Småfeet og storfeet og alt dei eig, har dei teke med seg. 33 Når så farao kallar på dykk og spør: «Kva har de til leveveg?» 34 skal de svara: «Tenarane dine har levd av buskapen frå ungdomen av og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen, for gjetarar er noko avskyeleg for egyptarane.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. januar 2022

Dagens bibelord

Matteus 20,29–34

Les i nettbibelen

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» ... Vis hele teksten

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 31Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 32Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» 33«Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei. 34Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.