Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Neste kapittel

Gud skaper verda
1I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.
   
 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.  3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.  4 Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret.  5 Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.
   
 6 Gud sa: «Det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn.»  7 Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det.  8 Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
   
 9 Gud sa: «Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad! Det tørre landet skal koma til syne.» Og slik vart det. 10 Gud kalla det tørre landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.
   
11 Gud sa: «Jorda skal bli grøn! Grøne vekstar skal gro på jorda, planter som set frø, og frukttre som ber frukt med frø i, av alle slag.» Og slik vart det. 12 Jorda bar fram grøne vekstar, planter som set frø, av alle slag, og tre som ber frukt med frø i, av alle slag. Og Gud såg at det var godt. 13 Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.
   
14 Gud sa: «Det skal bli lys på himmelkvelven til å skilja dag frå natt! Dei skal vera teikn for høgtider, dagar og år. 15 Dei skal vera lys på himmelkvelven og skina over jorda.» Og slik vart det. 16 Gud laga dei to store lysa, det største lyset til å herska over dagen og det minste til å herska over natta, og stjernene. 17 Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa over jorda, 18 til å herska over dagen og over natta og til å skilja lyset frå mørkret. Og Gud såg at det var godt. 19 Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.
   
20 Gud sa: «Det skal kry av liv i vatnet! Fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.» 21 Og Gud skapte dei store sjødyra og kvar levande skapning av alle dei slag som vatnet yrer og kryr av, og alle slag fuglar med venger. Og Gud såg at det var godt. 22 Gud velsigna dei og sa: «Ver fruktbare og bli mange og fyll vatnet i havet! Og fuglane skal bli mange på jorda.» 23 Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.
   
24 Gud sa: «Jorda skal bera fram levande skapningar av alle slag: fe, kryp og villdyr av alle slag!» Og slik vart det. 25 Gud laga alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.
   
26 Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.» 27 Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. 28 Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.» 29 Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta. 30 Og til alle dyr på jorda og til alle fuglar under himmelen og til alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle grøne planter å eta.» Og slik vart det. 31 Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.
1 Mos 1,1 viser til 1 Mos 2,4, 1 Mos 33,6, Jer 32,17, Joh 1,1-3, Kol 1,16
Note: skapte: Det hebr. verbet som blir nytta her, står alltid med Gud som subjekt.
Note: Guds ande: kan òg omsetjast «Guds vind».
1 Mos 1,7 viser til Sal 148,4
Note: vatnet som er over kvelven: himmelhavet. Jf. 7,11; Sal 104,2ff; Job 36,27.
1 Mos 1,26 viser til 1 Mos 5,1-3, 1 Mos 9,6, Sal 8,7ff
Note: menneske: hebr. adam.
1 Mos 1,27 viser til 1 Mos 2,7-21f, Matt 19,4, 1 Kor 11,7
Note: som mann og kvinne: Hebr. har «mannleg og kvinneleg».
Neste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.