Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Hagar og Ismael
16Kona til Abram, Sarai, fødde han ingen born. Men ho hadde ei egyptisk slavekvinne som heitte Hagar.  2 Sarai sa til Abram: «Høyr på meg: Herren har hindra meg i å føda born. Gå no inn til slavekvinna mi! Kanskje får eg ein son ved henne.» Og Abram høyrde på det Sarai sa.  3 Kona til Abram, Sarai, tok då den egyptiske slavekvinna si, Hagar, og gav henne til kone for Abram, mannen sin. Abram hadde då budd ti år i landet Kanaan.  4 Han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på husfrua si.  5 Då sa Sarai til Abram: «Det er di skuld at eg blir krenkt! Eg gav slavekvinna mi i din famn, men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på meg. Herren skal dømma mellom meg og deg!»  6 Abram sa til Sarai: «Sjå, slavekvinna er i di hand. Gjer kva du vil med henne.» Og Sarai audmjuka henne, så ho rømde frå henne.
   
 7 Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur.  8 Han sa: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg rømmer frå Sarai, husfrua mi.»  9 Og Herrens engel sa til henne: «Vend attende til husfrua di og lat deg audmjuka under hennar hand!» 10 Herrens engel sa: «Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.» 11 Så sa Herrens engel til henne:
          «Sjå, du er med barn
          og skal føda ein son.
          Han skal du kalla Ismael,
          for Herren har høyrt at du vart audmjuka.
          
   
12 Han skal bli eit villesel av eit menneske.
          Handa hans skal vera vend mot alle
          og alle hender mot han.
          Rett imot alle slektningane sine
          skal han slå seg ned.»
13 Då sette ho dette namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg?» 14 Difor blir brønnen kalla Lahai-Ro'i-brønnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.
   
15 Så fødde Hagar ein son til Abram. Og Abram gav sonen som Hagar fødde, namnet Ismael. 16 Abram var 86 år gammal då Hagar fødde Ismael til han.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. januar 2022

Dagens bibelord

Matteus 20,29–34

Les i nettbibelen

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» ... Vis hele teksten

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 31Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 32Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» 33«Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei. 34Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.