Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Josef fortel kven han er
45Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod omkring han. Han ropa: «Lat alle gå ut herifrå!» Såleis var det ingen andre til stades då Josef lét brørne sine få vita kven han var.  2 Han brast i gråt så høgt at egyptarane høyrde det, og huset til farao fekk høyra om det.  3 Så sa Josef til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk.  4 Josef sa til dei: «Kom hit til meg!» Dei gjekk bort til han, og han sa:
        Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt.
 5 Ver no ikkje sorgfulle og døm ikkje dykk sjølve fordi de selde meg. Det var for å berga liv at Gud sende meg føre dykk.  6 I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta.  7 Men Gud sende meg i førevegen for å la dykk bli ein rest på jorda, så de skal leva og mange bli berga.  8 Så det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt.  9 Skund dykk, dra opp til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! 10 Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig. 11 Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.» 12 No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk. 13 Fortel far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far.
   
14 Så kasta han seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret på skuldra hans. 15 Han kyste alle brørne sine og gret med dei. Etter dette tala brørne med han.
Heimreisa
16 Då dei fekk høyra i huset til farao at brørne til Josef var komne, vart farao og tenarane hans glade. 17 Farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Dette skal de gjera: Less på dyra dykkar og far heim att til Kanaan! 18 Ta så far dykkar og huslydane dykkar og kom til meg. Så skal eg gje dykk det beste landet i Egypt, og de skal eta av det feitaste i landet. 19 Du skal by dei å gjera dette: Ta med vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Hent far dykkar og kom hit! 20 De skal ikkje bry dykk om tinga de eig, for det beste i heile Egypt skal høyra dykk til.»
   
21 Israels søner gjorde så. Josef gav dei vogner, slik farao hadde sagt, og mat på vegen. 22 Han gav nye klede til kvar av dei. Til Benjamin gav han tre hundre sjekel sølv og fem klesskift. 23 Til far sin sende han ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper som bar treskt korn og brød og mat som faren skulle ha på reisa. 24 Så sende han brørne sine av garde. Då dei drog, sa han: «De må ikkje krangla på vegen!»
   
25 Dei drog opp frå Egypt og kom til far sin, Jakob, i Kanaan. 26 Dei fortalde: «Josef lever. Han er styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjartet, for han trudde dei ikkje. 27 Då fortalde dei han alt det Josef hadde sagt dei, og han fekk sjå vognene som Josef hadde sendt for å henta han. Då livna Jakob til. 28 «Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, lever enno! Eg vil reisa og sjå han før eg døyr.»
1 Mos 45,8 viser til 1 Mos 37,8
Note: far for farao: tittel på ein høg embetsmann i det gamle Egypt.
Note: Gosen: grøderikt landområde på austsida av Nil-deltaet.
Note: 300 sjekel: ca. 3,5 kg.
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.