Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Josef tyder draumane til hoffmennene
40Ei tid etter hende det at munnskjenken og bakaren til kongen i Egypt fornærma herren sin, kongen i Egypt.  2 Farao vart sint på dei to hoffmennene sine, overmunnskjenken og bakarmeisteren.  3 Han sette dei i forvaring hos sjefen for livvakta, i fengselet der Josef var fange.  4 Sjefen for livvakta sette Josef til å sjå etter dei og tena dei. Dei vart sitjande ei tid i forvaring.
   
 5 Medan munnskjenken og bakaren hos kongen i Egypt sat lenkja i fengselet, hadde dei to i ei og same natta kvar sin draum med ulik tyding.  6 Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han at dei var nedtrykte.  7 Han spurde hoffmennene til farao, som sat i forvaring saman med han i huset til herren hans: «Kvifor har de så triste andlet i dag?»  8 Dei svara: «Vi har begge hatt ein draum, men her er det ingen som kan tyda dei.» Då sa Josef til dei: «Høyrer ikkje tydinga Gud til? Fortel!»
   
 9 Så fortalde overmunnskjenken draumen sin til Josef. Han sa: «Sjå, i draumen min stod ein vinstokk framfor meg. 10 Det var tre greiner på han. Så snart han tok til å skyta knoppar, spratt blomane, og klasane vart til mogne druer. 11 Eg heldt begeret til farao i handa. Eg tok druene, pressa dei ut i begeret og gav det til farao.» 12 Då sa Josef: «Dette er slik å tyda: Dei tre greinene er tre dagar. 13 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og gje deg stillinga di tilbake. Du skal gje begeret til farao på same måten som før då du var munnskjenken hans. 14 Gjev du ville koma meg i hug når det går deg godt! Gjer vel å nemna meg for farao og få meg ut av dette huset. 15 For eg er stolen frå landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.»
   
16 Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg òg var i draumen min. Og sjå, eg hadde tre korger med kveitebrød på hovudet. 17 I den øvste korga var det bakverk av alle slag til farao, men fuglane åt bakverket frå korga på hovudet mitt.» 18 Josef svara: «Dette er tydinga: Dei tre korgene er tre dagar. 19 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av deg.»
   
20 Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt farao eit festmåltid for alle tenarane sine. Då lyfte han opp overmunnskjenken og bakarmeisteren midt blant tenarane sine. 21 Overmunnskjenken gav han stillinga tilbake, så han fekk gje farao begeret, 22 men bakarmeisteren hengde han. Det gjekk slik Josef hadde tydd draumane for dei. 23 Men overmunnskjenken hugsa ikkje på Josef; han gløymde han.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. januar 2022

Dagens bibelord

Matteus 20,29–34

Les i nettbibelen

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» ... Vis hele teksten

29Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 31Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 32Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» 33«Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei. 34Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.