Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Josef tyder draumane til farao
41To år etter hadde farao ein draum: Sjå, han stod ved Nilen.  2 Opp frå elva steig sju kyr, fine og feite, og gav seg til å beita i sivet.  3 Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne på elvebredda.  4 Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.
   
 5 Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået.  6 Etter dei skaut det opp sju andre kornaks, tynne og svidde av austavinden.  7 Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.
   
 8 Men om morgonen var han uroleg til sinns. Han sende bod etter alle spåmennene og vismennene i Egypt. Farao fortalde dei draumane sine, men det var ingen som kunne tyda dei for han.  9 Då sa overmunnskjenken til farao: «I dag kom eg til å tenkja på syndene mine. 10 Ein gong vart farao sint på tenarane sine og sette meg og bakarmeisteren i forvaring hos sjefen for livvakta. 11 I ei og same natt hadde vi kvar vår draum, eg og han, med kvar si tyding. 12 Det var ein ung hebrear saman med oss der, ein slave hos sjefen for livvakta. Vi fortalde han draumane våre, og han gav draumane kvar si tyding. 13 Og slik han tydde dei for oss, slik gjekk det. Farao gav meg stillinga tilbake, men bakarmeisteren hengde han.»
   
14 Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og henta han ut frå fangeholet. Han barberte seg og skifte klede og gjekk så inn til farao. 15 Farao sa til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen her som kan tyda han. Men eg har høyrt om deg at når du høyrer ein draum, så kan du tyda han.» 16 Josef svara: «Det er ikkje opp til meg, berre Gud kan gje eit svar som er godt for farao.» 17 Så sa farao til Josef: «Sjå, i draumen stod eg ved elvebredda. 18 Frå elva kom det opp sju kyr, feite og fine, og gav seg til å beita i sivet. 19 Etter dei kom det opp sju andre kyr, tynne, magre og stygge. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. 20 Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei første sju, dei feite kyrne. 21 Men då dei hadde sett dei til livs, kunne det ikkje merkast på dei; dei var like stygge som før. Då vakna eg. 22 I draumen såg eg òg sju kornaks som voks på eitt strå, fulle og gode. 23 Etter dei skaut det opp sju andre aks, tørre, tynne og svidde av austavinden. 24 Dei tynne aksa slukte dei sju gode. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne forklara det for meg.»
   
25 Då sa Josef til farao: «Farao har hatt ein og same draumen. Gud har late farao få vita kva han vil gjera. 26 Dei sju gode kyrne er sju år, og dei sju gode aksa er sju år. Det er ein og same draumen. 27 Dei sju magre og stygge kyrne som kjem opp etter dei, er sju år. Og dei sju kornaksa, tynne og svidde av austavinden, er sju år med hungersnaud. 28 Det var det eg meinte då eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera. 29 Sjå, det skal koma sju år med overflod i heile Egypt. 30 Etter dei skal det koma sju år med hungersnaud, så all overfloda skal bli gløymd i Egypt. Svolten skal gjera ende på landet. 31 Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som følgjer, skal bli hard. 32 Når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg å gjera det. 33 No må farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. 34 Farao må gripa inn. Han må peika ut tilsynsmenn utover landet og krevja inn ein femtedel av avlingane frå Egypt i dei sju åra det er overflod. 35 Dei skal samla all maten frå dei gode åra som kjem, og lagra treskt korn i byane under vakthald frå farao. 36 Maten skal vera forråd for landet i dei sju åra med hungersnaud som kjem over Egypt. Då skal ikkje landet gå til grunne av svolt.»
Josef styrer i landet
37 Farao og alle tenarane hans syntest godt om dette rådet. 38 Og farao sa til tenarane sine: «Finst det nokon mann som denne, ein som har Guds ande i seg?» 39 Så sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg få vita alt dette, finst det ingen så vis og vitug som du. 40 Du skal styra mitt hus, og heile folket mitt skal retta seg etter det du seier. Berre når det gjeld trona, skal eg vera større enn deg.» 41 Og farao sa til Josef: «Sjå, eg set deg over heile Egypt.» 42 Så tok han signetringen av handa si og sette han på handa til Josef. Han kledde han i linklede og hengde ei gullkjede om halsen på han. 43 Han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa framfor han: «Bøy kne!» Slik sette farao han over heile Egypt. 44 Og han sa til Josef: «Eg er farao, men utan løyve frå deg skal ingen lyfta hand eller fot i heile Egypt.» 45 Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Sidan drog Josef omkring i Egypt.
   
46 Josef var tretti år gammal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Så drog Josef bort frå farao og reiste over heile Egypt. 47 Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod. 48 Han samla allslags grøde i dei sju åra landet fekk, og han lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene omkring. 49 Slik samla Josef treskt korn i mengder så store som havsens sand, heilt til han gav opp å rekna, for det lét seg ikkje rekna.
   
50 Før det første året med hungersnaud kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On. 51 Den førstefødde kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma alt mitt strev og heile farshuset mitt.» 52 Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjort meg fruktbar i landet der eg vart plaga.»
   
53 Dei sju gode åra i Egypt tok slutt. 54 Så byrja dei sju åra med hungersnaud, slik Josef hadde sagt. Det vart hungersnaud i alle land, men i heile Egypt fanst det mat. 55 Då heile Egypt leid av svolt, ropa folk til farao etter brød. Han sa til dei: «Gå til Josef og gjer det han seier dykk!» 56 Det vart hungersnaud over heile jorda. Då opna Josef alle lagera og selde korn til egyptarane, for hungersnauda var hard i Egypt. 57 Og heile verda kom til Egypt for å kjøpa korn frå Josef, for hungersnauda var hard over heile jorda.
Note: spåmennene og vismennene: Egypt var kjent for vismennene sine; her opptrer dei som spåmenn og trollmenn. Jf. 2 Mos 7,11.22; Jes 19,11f.
Note: signetringen: ▶segl.
1 Mos 41,43 viser til 1 Mos 45,9
Note: Bøy kne: Hebr. har abrek, eit egyptisk utrop som truleg tyder «Sjå opp» eller «Gjev akt». For israelittane kunne ropet minna om det hebr. ordet for «å bøya kne».
Note: On: (gr. Heliopolis) by nord for Memfis, med eit vidgjete tempel for solguden Re (eller Ra). Presteskapet i On spela ei viktig politisk rolle.
Note: Manasse: Namnet liknar eit hebr. ord for «å gløyma».
Note: Efraim: Namnet heng saman med eit hebr. uttrykk som tyder «å gjera fruktbar».
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.