Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Abraham og Sara i Gerar
20Abraham drog vidare derifrå til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan budde han som innflyttar i Gerar.  2 Abraham sa om kona si, Sara: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, bod og henta Sara.  3 Men Gud kom til Abimelek i ein draum om natta og sa til han: «No skal du døy på grunn av kvinna du har teke, for ho er kona til ein annan mann.»  4 Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne, og han svara: «Herre, vil du verkeleg drepa rettferdige folk?  5 Han sa då til meg: Ho er syster mi. Og sjølv har ho òg sagt: Han er bror min. I god tru og med reine hender har eg gjort dette.»  6 Då sa Gud til han i draumen: «Eg òg veit at du har gjort dette i god tru. Det er eg som har halde deg frå å synda mot meg. Difor lét eg deg ikkje røra henne.  7 Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Han kan be for deg, så du får leva. Men gjer du det ikkje, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»
   
 8 Tidleg neste morgon stod Abimelek opp og kalla til seg alle tenarane sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene svært redde.  9 Så kalla Abimelek Abraham til seg og sa til han: «Kva har du gjort mot oss? Og korleis har eg synda mot deg, sidan du har late så stor ei synd koma over meg og riket mitt? Du har gjort slik mot meg som ingen bør gjera.» 10 Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?» 11 Abraham svara: «Eg tenkte: På denne staden finst det inga gudsfrykt. Dei kjem til å drepa meg på grunn av kona mi. 12 Dessutan er det sant at ho er syster mi. Ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi, og ho vart kona mi. 13 Den gongen Gud lét meg dra omkring langt borte frå huset til far min, sa eg til henne: Slik skal du visa din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»
   
14 Så tok Abimelek både småfe og storfe og tenarar og tenestekvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si. 15 Og Abimelek sa: «Her ligg landet mitt ope framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!» 16 Til Sara sa han: «Sjå, her gjev eg tusen sjekel sølv til bror din. Dette skal vera som eit slør for auga til alle som er saman med deg. Med det får du full oppreising.»
   
17 Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og slavekvinnene hans, så dei kunne få barn. 18 For Herren hadde stengt kvart morsliv i huset til Abimelek på grunn av Sara, kona til Abraham.
Note: Gerar: ca. 80 km sørvest for Jerusalem.
1 Mos 20,7 viser til Job 42,8
Note: profet: Ordet blir stundom nytta i vidare tyding, om ein mann som står Gud nær og har fått eit oppdrag frå han, slik som med Moses, jf. Hos 12,14, og Aron, jf. 2 Mos 7,1.
Note: 1000 sjekel: ca. 11,4 kg. Med … oppreising: Tydinga av den hebr. teksten er usikker.
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.