Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Jakob i Betel
35Gud sa til Jakob: «Bryt opp, dra til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, han som synte seg for deg då du rømde frå Esau, bror din.»  2 Då sa Jakob til sitt hus og til alle dei som var med han: «Få bort dei framande gudane som finst hos dykk, reins dykk og skift klede!  3 Vi skal bryta opp og dra til Betel! Der vil eg byggja eit altar for Gud, han som svara meg den dagen eg var i naud, og som var med meg på vegen.»  4 Då gav dei Jakob alle dei framande gudane dei hadde hos seg, og ringane som dei hadde i øyra, og Jakob gøymde alt under eika som står ved Sikem.  5 Då dei braut opp, kom ei redsle frå Gud over byane der omkring, så ingen sette etter sønene til Jakob.
   
 6 Jakob kom til Lus i Kanaan, det er Betel, han og alt folket som var med han.  7 Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel, for der hadde Gud openberra seg for han då han rømde frå bror sin.  8 Debora, amma til Rebekka, døydde og vart gravlagd nedanfor Betel, under eika; den kalla dei Gråteeika.
   
 9 Etter at Jakob var komen heim frå Paddan-Aram, synte Gud seg på nytt for han og velsigna han. 10 Gud sa til han:
          «Namnet ditt er Jakob.
          Men no skal du ikkje lenger heita Jakob;
          Israel skal vera namnet ditt.»
Slik fekk han namnet Israel.
11 Så sa Gud til han:
          «Eg er Gud, Den veldige.
          Ver fruktbar og bli talrik!
          Eit folk, ja, mange folkeslag
          skal stamma frå deg,
          det skal vera kongar mellom etterkomarane dine.
          
   
12 Det landet eg gav
          til Abraham og Isak,
          gjev eg deg.
          Til di ætt etter deg
          gjev eg landet.»
13 Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han. 14 Jakob reiste ei støtte på denne staden, ei støtte av stein. Han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han. 15 Og Jakob kalla staden der Gud hadde tala med han, Betel.
Rakel døyr
16 Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fødde Rakel eit barn. Det var ein hard fødsel. 17 Medan ho låg i harde fødselsrier, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! For også denne gongen får du ein son.» 18 Ho var i ferd med å døy, og idet livet ebba ut, gav ho han namnet Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin. 19 Rakel døydde og vart gravlagd ved vegen til Efrat, det er Betlehem. 20 Og Jakob reiste ei steinstøtte på grava hennar. Det er gravsteinen til Rakel, som står der den dag i dag.
   
21 Så drog Israel vidare og slo opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder. 22 Medan Israel budde der i landet, gjekk Ruben av stad og låg med Bilha, følgjekona til far sin. Og Israel fekk vita det.
Sønene til Jakob
Jakob hadde tolv søner. 23 Sønene til Lea var Ruben, den førstefødde sonen til Jakob, Simon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon. 24 Sønene til Rakel var Josef og Benjamin. 25 Sønene til Bilha, slavekvinna til Rakel, var Dan og Naftali. 26 Og sønene til Silpa, slavekvinna til Lea, var Gad og Asjer. Dette var dei sønene Jakob fekk i Paddan-Aram.
Isak døyr
27 Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, det er Hebron, der Abraham og Isak hadde halde til. 28 Isak levde i 180 år. 29 Så anda Isak ut og døydde. Han vart sameina med folket sitt, gammal og mett av dagar. Sønene hans, Esau og Jakob, gravla han.
1 Mos 35,4 viser til 1 Mos 31,19, Dom 8,24ff
Note: eika … Sikem: >12,6.
1 Mos 35,7 viser til 1 Mos 31,13
Note: El-Betel: Namnet tyder «Betels Gud».
Note: Efrat: eller Efrata, namn på Betlehem, etter ein stamme som budde der. Jf. Rut 1,2; 1 Sam 17,12; Mi 5,1.
Note: Ben-Oni: tyder «min ulukkeson» eller «min smerteson», eit illevarslande namn som Jakob endra til Benjamin, «lukkesonen».
Note: Migdal-Eder: Namnet tyder «gjetartårn»; ukjend stad, jf. Mi 4,8.
1 Mos 35,27 viser til 1 Mos 13,18, 1 Mos 14,13
Note: Kirjat-Arba: «byen til Arba», eit gammalt namn på Hebron. Jf. Jos 14,15; Dom 1,10.
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.